Læreprinsippet Skrifta åleine

I luthersk eller reformatorisk kristendomsforståing talar vi om eit læreprinsipp og eit frelsesprinsipp. Det første er Skrifta åleine, og det andre er nåden, Kristus og trua åleine. Dette er
avgjerande prinsipp i all evangelisk kristendomsforståing, sjølv om det kan vera nyansar i forståinga av dei. Det var ut frå desse prinsippa reformasjonen oppstod og fekk si historiske,
åndelege og læremessige utforming. Luthersk tru og lære er utenkjeleg utan desse prinsippa. Ja,
det gjeld for alle kyrkjesamfunn som stammar frå reformasjonen.

At det fundamentale reformatoriske prinsippet om Skrifta åleine vert angripe frå katolsk hald, er
naturleg og sjølvinnlysande. Utan dette prinsippet ville det ikkje vore noko grunnleggjande oppgjer med katolsk lære, og med dette prinsippet ville sentrale element i katolsk lære og tru
vore umogleg – utan at vi kan konkretisera det her.

Det katolske læreprinsippet er Skrifta og tradisjonen, som begge skal ærast med like stor pietet,
og der paven er den endelege tolkaren. Det er altså ikkje nødvendig å grunngje ei lære med
Skrifta, om ho kan grunngjevast med tradisjonen, altså med kyrkja si lære fastslått av paven.

Tanken er at det ikkje er motsetnader mellom Skrifta og tradisjonen, men at dei utfyller kvarandre slik det kjem til uttrykk i katolsk lære og kristendomsforståing.

Det vert gjerne sagt at prinsippet om Skrifta åleine gjer tolkinga og kristendomsforståinga subjektivistisk og relativistisk. Det heile vert flytande, og det fører inn i den læremessige oppløysinga og den liberale teologien som råder i store delar av lutherdommen, vert det gjerne
sagt. Det er ei mistyding av prinsippet og ei forenkling av den læremessige utviklinga og den liberale teologien.

Skrifta åleine er ikkje eit subjektivistisk prinsipp med tanke på bibeltolking, men eit prinsipp om
kor kristen lære skal hentast frå. Lære, etikk og tru skal ikkje hentast frå noko anna kjelde enn
Skrifta. Skrifta er både kjelde og norm – og det åleine. Dessutan trengst det ikkje eit paveembete
for endegyldig tolking av Skrifta. Eit slikt embete finst i realiteten heller ikkje, fordi paven føreheld seg like mykje til tradisjonen som til Skrifta.

Problemet i katolsk teologi er ikkje synet på Skrifta isolert sett, fordi denne vert rekna som fullt påliteleg. Problemet er det som kjem i tillegg ved tradisjonen og paven si absolutte tolking. På
tross av det siste, er det også i katolsk samanheng ulik lære, læremessig utglidning og liberal
teologi. Det subjektive elementet kjem ein heller ikkje her utanom.

Prinsippet om Skrifta åleine peikar altså ikkje primært på tolkaren, men på læregrunnlaget. Når ein samstundes ikkje treng eit professorembete eller eit paveembete til å tolka Skrifta, er det
fordi ho er klar og eintydig. Det gjer det mogleg for «vanlege folk» å lesa og forstå Skrifta. Lovnaden er at sjølv ikkje dåren skal fara vil. Dette vil ikkje seia at alt er like lett å forstå eller at
ein alltid tolkar alle delar av Skrifta rett, men at frelsesbodskapen stig klårt fram og at Gud bur i Skrifta ved openberrings Ande. Desssutan har ein alltid Skrifta som prøveinstans toil lære og tolking. Ikkje noko skal vera i strid med Skrifta.

I tillegg til at Gud har overgitt Skrifta til den einskilde av oss for å lesa og forstå, har han ordna med ei forkynnarteneste slik at vi kan høyra Skrifta utlagt ut frå nådegåveutrustning og åndeleg
innsikt. Den einskilde les Skrifta, men ein er ikkje åleine med lesinga. Denne står i samanheng med høyring av Ordet og dei ulike nådegåvene. Då står ein også i ein historisk samanheng av lære og forkynning som hjelper oss til å forstå Skrifta rett. Totalt sett gjer dette at kyrkja er omtalt som «støtte og grunnvoll for sanninga» (1 Tim 3,15).

Johannes Kleppa