«Fortapelsens mulighet» eller fortapinga sin realitet

Det oppstår stadig debattar om fortapinga, og for meg synest det stadig oftare å vera folk som vi trudde stod for bibelsk teologi, som reiser spørsmålet om det verkeleg finst ei fortaping eller om folk verkeleg går fortapte. Det er ikkje så ofte at folk med kristen vedkjenning direkte nektar for fortapinga. Det skjer oftast ved å stilla spørsmål ved fortapinga eller å vona at alle til sist vert frelste. Det er umogleg å finna ord i Skrifta som talar slik, og difor er det anten ut frå ei søkt tolking av visse bibelord, særleg at «Gud skal verta alt i alle» og at Gud vil at alle skal verta frelste, eller så er det ut frå «fromme» ønskje.

Det er også ein språkbruk i bibeltru og teologisk konservativ samanheng som kan vera uheldig, og som eg nok sjølv har brukt mange gonger. Vi snakkar ofte om «fortapelsens mulighet» – og då må vi helst bruka dette bokmålsuttrykket, framfor å snakka om fortapinga sin realitet. Slik Guds ord framstiller det, er ikkje fortapinga berre ein «mulighet», men det er ein realitet. Ei anna sak er det at vi ikkje kan avgjera på det personlege planet kven som går fortapt, og med det må seia at det er mogleg å gå fortapt. Samstundes må vi seia at det er ein realitet at den som ikkje eig Jesus som sin frelsar, er og går fortapt.

Det er mange bibelord som talar om fortapinga, dommen, døden og Guds vreide sin realitet, ikkje minst den vesle bibelen, Joh 3,16, og andre vers i same kapitlet. Når det heiter at «den som ikkje vil tru på Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han» (v 36), er det ikkje berre ein «mulighet» for at det er slik. Det er slik. Det er ein realitet. Vi bør halda oppe den faktiske og realistiske språkbruken Bibelen brukar, men vi må forkynna fortapinga sin realitet saman med evangeliet og det evige livet – som også er realitetar.

Frå ei side sett er det greit og fint at kristne vonar at alle menneske skal verta frelste, men ei von som er i strid med Skrifta er falsk og naiv, og ho han verka forførande. Det å vona mot Bibelens utsegn, er å vona i strid med Guds vilje og openberring. Eller om Espen Ottosen skriv i ein kommentar i Dagen om håpet om alle si frelse, sjølv om Guds ord seier noko anna: «Er det da greit å håpe at det likevel ikke blir slik? Eller håper vi da at Jesus har lurt oss?»

Det er lett at slikt håp også fører med seg forføring ved at folk då tenkjer at det kan og vil gå bra til slutt, sjølv om ein ikkje tek si tilflukt til Jesu frelsesverk. Då verkar håpet stikk i strid med det som var meint med håpet.

Ofte vert fortapinga sin realitet forkludra eller ufarleggjort ved at ein på rasjonalistisk vis held Guds frelsesvilje for alle menneske opp mot «fortapelsens mulighet». Eit døme på dette lyder slik: «Hvis Guds frelsesplan er å sammenfatte alt i Kristus, alt i himmel og på jord, vil ikke Gud da til slutt også frelse alle mennesker, enten de tror på Han eller ikke?»

Frå ei side sett kan ein seia at dette ikkje er ei fornekting av fortapinga, men eit fromt ønskje om alle si frelse. Realiteten i spørsmålet er likevel at det naturlege og sjølvinnlysande svaret er «ja». Spørsmålet fungerer reint retorisk, der svaret ligg i spørsmålet. Dersom svaret skal vera eit anna, må spørsmålet også vera annleis. Spørsmålet har ei retning som fører feil.

I spørsmålet om frelse eller fortaping kan ein ikkje driva med ønskjetenking eller tåkeprat, men ein må tala like tydeleg som Guds ord talar, og då har Jesus lært oss korleis vi skal tala i kapittel tre i Johannesevangeliet. Som vi talar om realiteten i Jesu frelsesverk og det evige livet, må vi tala om realiteten i syndefallet og den evige fortapinga.

Johannes Kleppa