Hyrdingen og sauene

Bibelen, og særleg Jesus, brukar bilete med hyrdingen og sauene for å få fram Jesu forhold til sin læresveinar. Det er eit poeng at hyrdingen kjenner sauene og at sauene kjenner hyrdingen, dei kjenner han på røysta. Det er hyrdingen si oppgåve å ta seg av sauene, og det gjeld særleg å syta for at dei får rett og nok mat, at dei får nok kvile og at dei vert verna mot rovdyr. Som det gjeld i det praktiske, gjeld det også i det åndelege.

Apostlane, og særleg Paulus, fører dette vidare ved å tala om ei nådegåve og ei teneste som vert omtalt som hyrding. Denne gåva synest å ha tilknytting til lærartenesta. Eit anna ord for denne gåva og tenesta er eldste. Det er også snakk om tilsyn, men det er ikkje det dominerande omgrepet eller elementet.

Opp gjennom historia har det vore tenkt noko ulikt om kva hyrding- og læretenesta går ut på, kven som har denne tenesta og korleis ho skal organiserast. Dette heng i stor grad saman med kyrkje- og embetssynet. Dei som har eit høgkyrkjeleg syn og orienterer seg ut frå ordinasjonen, legg denne tenesta til presten eller pastoren. Den som har eit lågkyrkjeleg syn og orienterer seg ut frå det allmenne prestedømet og nådegåvene, vil tenkja friare om dette reint organisatorisk. Det kan fylja visse stillingar og verv, men det kan også fungera fritt ut frå nådegåveutrustning. Poenget er like fullt at hyrdingen må ha nær kontakt med sauene, og han må ha eit aktivt forhold til dei. Dessutan er denne tenesta lagt til menn som Herren utrustar til det.

I lekmannsarbeidet har det fram til nyare tid vore lite organisert med tanke på nådegåvene. Ein har i større grad tenkt ut frå nådegåvene enn ut frå stillingar, men ein har samstundes tenkt om nokre stillingar og verv i lys av nådegåvene med tanke på lære- og hyrdingtenesta. Ved at lekmannsarbeidet stadig har fått ei sterkare organisering, ikkje minst ved forsamlingsbygging, har ein også organisert lære- og hyrdingfunksjonen sterkare enn før. Ein har då oppretta eigne råd med denne funksjonen. Desse er noko ulikt organiserte og har delvis ulike namn og oppgåver. Det har vore ein tendens til at desse råde vert heilt sjølvstendige i forhold til dei styrande organa, og at dei gjerne vert kalla tilsynsråd.

Dette er etter mitt skjønn ei uheldig utvikling. Om vi held oss til biletet med hyrdingen og sauene, får hyrdingen på denne måten ikkje tett nok kontakt med sauene, og han vert for passiv. Ein hyrding på Jesu tid fylgde altså sauene, og han gjekk gjerne føra dei, og dei fylgde etter han ut frå røysta hans. Hyrdingen sat ikkje heime eller budde i ei hytte og vart tilkalt når det oppstod eit problem eller når einkvan trong rettleiing. Han hadde heller ikkje avgrensa definerte oppgåver som han tok seg av og ellers overlet arbeidet til andre. Hyrdingen var ikkje berre tilsynsmann, men han var ein aktiv utøvar av embetet sitt direkte overfor sauene.

Som det var med sauene og hyrdingen, bør det også vera mellom dei med lære- og hyrdingteneste og Guds folk, den kristne forsamlinga. Då bør ikkje hyrdingen organiserast bort frå det daglege arbeidet i forsamling og misjon, men fylgja dette tett – ja, vera ein organisk del av det. Det er i det daglege og kontinuerlege arbeidet hyrdingen skal utøva tenesta si. Dette kan gjerast og organiserast på ulike måtar, men må vera slik at hyrdingtenesta er ein integrert del av arbeidet, ikkje noko som meir eller mindre står på utsida og fører tilsyn med ujamne mellomrom. Arbeidet må organiserast slik at alle nådegåvene er i funksjon og står i eit integrert forhold til kvarandre. Det er berre då lekamen fungerer rett og godt med sine ulike lemmer.

Slik åndssituasjonen er i dag, krevst det i enda større grad at lære- og hyrdingtenesta er aktiv og integrert i det totale arbeidet. Det bør ein ta på alvor i organiseringa av arbeidet, og kristenfolket bør leggja stor vekt på denne sida av alt kristent arbeid.

Johannes Kleppa