Sarepta 10 år – Ha tru til Gud

I år er det 10 år sidan Misjon Sarepta vart etablert. Stiftingsdatoen var 24. mai og oppstartdagen for arbeidet var 1. august. Utgangspunktet var ein nød Jan-Tore Olsen kjende på etter at han hadde møtt folk i Bolivia som reiste til Spania for å tena penger. Dei reiste med Jesus i hjarta, men tomme lommar. Dei kom tilbake med pengar i lommane, men tomme hjarto. Grunnen var at dei ikkje hadde hatt noko evangelisk forsamling dei kunne gå i for å høyra Guds ord forkynt. Utan Ordet forsvann trua og Jesus.

Ved å oppsøkje folk i denne situasjonen vart det klart at det var svært lite evangelisk forkynning i Spania. Dei alle fleste stadene var utan ei evangelisk forsamling, og ikkje alle slike forsamlingar var like sunne åndeleg sett heller. Nøden gav seg utslag i eit kall, og kallet førte til handling. Misjon Sarepta vart skapt under mottoet «Ha tru til Gud», og organisasjonen fekk raskt som eit slagord å skapa møteplasser mellom folk og Guds ord. Folk må møta Ordet og forkynninga for å vert frelste, og for å kunna leva som kristne. Sarepta er med det i særleg grad ein forkynnarorganisasjon, og i det ligg også bibelundervisning.

Sjølv om det var den spesielle situasjonen som Jan-Tore møtte, som var det utløysande i kallet, var det heilt frå starten eit breiare sikte. Både notat som skisserte kva ein tenkte med Sarepta og vedtektene som definerer organisasjonen, peikar langt og breitt. Det er talt om det lokale og det verdensvide, og det er særleg retning mot Sør-Europa, Nord-Afrika og Sør-Amerika – altså der ein i stor grad kan bruka spansk. Det er samstundes sagt at basen er i Noreg, og ein tenkte forkynning så langt ein kunne makta – og i resten av Norden.

Det har av denne grunn vore ein gjengangar på styremøte og i samtalar å leita etter nådegåver som kunne kallast til forkynning, anten på ulønna eller lønna basis – då særleg unge med forkynnargåve og innsikt i Guds ord. Det er ei stor glede at ein har fått inn fleire slike og andre er i startgropa. Samstundes er det fint at ein ung medarbeidarflokk er balansert med eldre og erfarne forkynnarar. Det er fint at ein også i Spania har ein breidde i alder og utrustning.

I forkynning og undervisning ønskjer Sarepta å leggja vekt på ei klassisk evangelisk luthersk forkynning av lov og evangelium, synd og nåde. Ein vil ha ei sentral forkynning som inkluderer heile Guds råd og vilje. Det er ei forkynning som siktar på frelse og nytt liv, og som kallar til misjon. Det er ei forkynning som har sitt utgangspunkt i at Ordet er openberring og nådemiddel. Det Ordet kan verka gjennom forkynninga, er det ikkje noko anna som kan gjera.

Det avgjerande for Sarepta er ikkje om det er mange eller få som til ei kvar tid sit under talarstolen, men at Ordet vert sant forkynt til dei som er der, slik at dei får ein bodskap frå Herren til frelse og som dei kan leva kristenlivet på. Det er sjølvsagt eit poeng å nå mange, fordi Gud vil frelsa flest mogleg, men i det Ordet vert forkynt, er det bodskapen som tel. Det er gledeleg at Sarepta med sin vilje til å nå ut med forkynning der Ordet no i svært liten grad lyder, vert godt motteken – og at mange er takksame for den forkynninga dei får lyda til.

Forkynninga må likevel ikkje fungera som i eit vakuum, men stå ein samanheng med eit integrert kristent liv med gode gjerningar – diakoni. I Spania har vi difor satsa ein god del på diakonalt arbeid, både for å gje folk hjelp i livet og for å skapa ein veg inn til vitnemålet og forkynninga. Skal diakonien fungera rett, må han stå i eit organisk forhold til den kristne forsamlinga og forkynninga.

Den viktigste delen av forkynninga skjer nok i den kristne forsamlinga på ein eller annan måten, men ikkje berre der. Forkynninga skjer også gjennom det skrivne ordet, og difor har Sarepta oppretta Sarepta Medier, slik at ein kan gje ut kristen litteratur. Tanken er at denne kan supplera forkynninga i møtesamanheng, og difor har arbeidarane bøker med rundt om. Media er også ein viktig arena for forkynninga, og difor har Sarepta støtte TV12 Bedehuskanalen, og produserer der eit program, Sareptas krukke, to gonger i månaden.

Der var eit sprang i tru då Sarepta vart starta og ein straks tilsette to personar i heile stillingar. Det var spennande om arbeidet var liv laga, og kva som ville skje med organisasjonen. Det er vanskeleg å måla eit åndeleg arbeid og summera eit åndeleg resultat. Vi veit det har vore til frelse, nytt liv og misjonsengasjement, men vi kan ikkje slå oss til brystet av dei store resultata. Det å nå etniske spanjolar med evangeliet, har vist seg svært vanskeleg. Det same gjeld å nå nordmenn.

Ytre sett er det lettare å måla, og arbeidet har nok vokse meir enn dei fleste hadde tenkt. Det er no tilsette omtrent 20 personar i Noreg og Spania, i ulike typer stillingar, men der hovudsaka er forkynning eller å leggja til rett for bibelundervisning. I Spania skjer det eit omfattande arbeide på på og utafor Centro Sarepta. Rekneskapen for inneverande år vil nærma seg kr 10 millionar, og med inntektene ved Centro Sarepta vil det godt overskrida det. Alle bønnetimane er det ikkje statistikk for, men vi veit dei er mange.

Det starta med «Ha tru til Gud», det har halde fram under det perspektivet og så lenge ein er der med arbeidet, vil det ha livsrett og bera frukt! Jubileet vil verta markert under Sareptasommer i Fyresdal med historikk og bønn – og kake!

Johannes Kleppa