Nådegåvebasert kall

Kall til teneste i forsamling og misjon kan opplevast på ulike måtar, og det kan vera ulike vegar inn i aktiv teneste og lønna kristent arbeid av ulikt slag. Hovudsaka er at tenesta er nådegåvebasert, og at det er utgangspunktet for kallet. Det trengst både eit indre og eit ytre kall om tenesta skal verta varig og ha tillit i forsamlinga.

For litt sidan las eg ein artikkel om kall og teneste skriven av ein regionsleiar. Der vart det understreka at der i regionen vart alle stillingar lyste ut, og det vart ført ein seriøs argumentasjon for det. Etter mitt skjønn er det likevel ei for snever innstiling til kall og teneste. Det er ikkje alltid at folk har eit så klart ytre kall at dei vågar søkja ei stilling i kristen samanheng, aller minst når det gjeld forkynnarteneste. Andre kan overvurdera eller feiltolka si eiga utrustning og søkja på feil grunnlag. For nokre må det koma eit ytre kall om ein skal våga svara ja til misjonstenste.

 Ein kan gå glipp av folk med nådegåver til ulike tenester og om ein har som føresetnad at folk må søkja. For min eigen del er det over femti år sidan eg byrja i det som då var Santalmisjonen. Det var ut frå eit indre og ytre kall, men det var det ytre kallet som drog meg inn i tenesta. Gjennom heile livet har eg vore avhengig av det ytre kallet som det berande og det som gav frimot. Eg kan vanskeleg sjå føre meg at eg hadde søkt ei forkynnarstilling eller åndeleg leiarstilling.

Det er greit nok at det er mogleg å søkja på stillingar, men at det skal vera einaste vegen inn i nådegåvebaserte oppgåver av lønna karakter, meiner eg er for trongt. I Sarepta tenkjer vi langs andre liner. Vi opererer i liten grad med definerte stillingar i forkynnararbeidet. I Noreg har vi i realiteten berre ein funksjon som vi kan definera som ei bestemt stilling, og det er dagleg leiar – som også er basert på kall og nådegåver. Alle andre tenester er ut frå at vi har sett folk med nådegåver, og som vi har kall inn til teneste. Ut frå det har dei fått ei form for stilling. Ved Centro Sarepta i Spania er det nok meir stillingsbasert ut frå at det er definerte oppgåver som må gjerast.

Etter mitt skjønn er det for passivt om ein opprettar visse stillingar, lyser ut og bed folk søkja. Då kan det skje at folk går ledige på torget fordi det ikkje er stilling til dei. Ein kan også koma til å tilsetja feil folk, men det kan skje same kva «metode» ein arbeider etter. Etter mi vurdering, og slik vi praktiserer det i Sarepta, bør ansvarlege kristne leiarar, både som styre og som åndelege leiarskap, aktivt speida etter nådegåver som ein kan kall inn i teneste. Det kan vera på ulønna basis, i deltidsstilling eller i fulltidsstilling. Om det skjer ut frå at folk tek kontakt fordi dei kjenner på eit kall, eller fordi kristne leiarar meiner dei har «sett» eller «høyrt» ei nådegåve, er av underordna betydning. For unge vil det ofte vera bra å byrja som forkynnar på ulønna basis eller i ein mindre stilling. Då kan ein få prøva kallet sitt og nådegåva kan modnast og utviklast til meir omfattande teneste.

Som sagt, i Sarepta har vi ikkje eit definert tal stillingar som forkynnarar, men leitar etter nådegåver og kallar dei vi ser, så langt økonomi og åndeleg bærekraft rekk. Der kallet og nådegåva er tydeleg, vil det som oftast ordna seg med økonomien. Gjevartenesta fylgjer i stor grad forkynninga. I dagens Noreg er det så lite bibelsk forkynning rundt om i by og bygd, at behovet for forkynnarar er nesten utan grenser. Då må vi be Herren driva ut arbeidarar, og  vi må speida etter dei som slik vert kalla og utrusta, dra dei inn i oppgåver som svarar til nådegåvene og forma stillingane etter det. Til dette treng kristne leiarar stor visdom og stort mot, og det må Guds folk be om at Herren gjev.

Johannes Kleppa