Misjon er tillit

Det kan seiast mykje om kva misjon er, og vi kan definera misjon på mange og ulike måtar. Hovudsaka og sjølve identiteten i misjon er at folk må verta frelste. Misjon gjeld livet, æva og frelsa. For at sjølve saka i misjonsarbeidet skal verta realitet, krevst det tillit. Det gjeld først og fram tillit til Gud og Guds ord, men det gjeld også tillit i sjølve misjonsarbeidet – tillit mellom misjonsvennene og tillit mellom leiarskapet og det arbeidande misjonsfolket.

Denne helga har Misjon Sarepta si årlege bibelhelg, som i år også inneheld Landsmøtet. Det skjer på Ognatun leirstad sør på Jæren. Ognatun er ein modernisert og godt utbygd leirstad som svarar til dagens krav til standard. Leirstaden har 60-årsjubileum i år, og er med det ein av dei mange leirstadene som vart bygde på 1960-talet. Det kom då som ei bylgje av leirstader i Bedehus-Noreg, og desse har vore til stor velsigning i det kristne arbeidet.

Den første tida var det særleg ungdom og tenåringar som samlast til leir, seinare vart det meir barn og familiar. På 60-talet og inn over 70-talet var det som ungdomsvekkingar på leirstadene. Det var ei godt samspel mellom lagsarbeidet på bedehusa og den samanhengande forkynninga på leirstadene. Det som var sådd gjennom året, vart ofte utløyst i vedkjenning på leir. Det er å vona at leirstadene framleis kan ha denne funksjonen.

Tillitsdimensjonen har vore sterk i leirarbeidet, som i alt misjonsarbeid. Sarepta har ingen leirstad, og er takksam for å få leiga sin inn på andre sine leirstader med ulike arrangement, anten det er Ognatun eller andre stader. Dette er eit området der det er godt med samarbeid mellom organisasjonane. I Sarepta har vi fleire gonge snakka om at vi skulle hatt det vi har kalla «ein base» for arbeidet i Noreg eller i Norden, omtrent som vi har Centro Sarepta i Spania. Ein slik base kunne vore brukt til mange og ulike ting, alt etter kor han låg og kva eigedom det var. Vi har enda ikkje kome i mål med dette, og Herren må opna dører om det skal skje.

På mange måtar er Sarepta som andre organisasjonar, men på ein god del området skil vi oss ut. Det gjeld i måten arbeidet er organisert på, og delvis i satsinga på forkynning. Vi legg vinn på å ha ein enkel organisasjon slik at vi brukar minst mogleg tid og pengar på administrasjon, men etter som arbeidet veks, må nok den administrative ressursen auka, om det ikkje skal verta som ein flaskehals for møteverksemda og forkynninga. For at kronene skal rekka så langt som mogleg for forkynning og undervisning i Norden og Spania, legg vi vinn på mykje ulønna innsats, både med forkynning, undervisning, planlegging, rekneskap, praktisk arbeid og anna. Målet er å få til så mange møtestader mellom folk og Guds ord som mogleg, og då ei forkynning som skaper tillit til Gud, Guds ord og Guds frelse i Kristus Jesus.

Misjon Sarepta er organisert slik at styret har ein svært sterk posisjon, og styret må på si side basera seg i stor grad dei som tilsette for å leia arbeidet og forkynna Guds ord. Landsmøtet har ein langt svakare posisjon enn årsmøte eller generalforsamling har i mange andre organisasjonar. Ved at styret er sjølvsupplerande med fem av styremedlemmane og første varamedlem, medan Landsmøtet vel ein styremedlem og andre varamedlem, kan ikkje Landsmøtet kasta styret, om ein skulle vera misnøgd med arbeidet. Landsmøtet har heller ikkje mandat til å instruera eller gjera vedtak som bind styret.

Landsmøtet har primært ein kontrollfunksjon overfor styret ved å godkjenna årsmelding og rekneskap. Landsmøtet skal syta for at arbeidet er ope eller transparent, slik at alt som skjer i Sarepta sitt arbeid toler lyset og ikkje er diktatorisk eller manipulerande. Landsmøtet har også ei viktig oppgåve som rådgjevar for styret ved å drøfta arbeidet, både ved at styret informerer og bed om råd og ved at støttemedlemmane på eige initiativ kan kom med innspel, vurderingar og forslag.

Etter mitt skjønn er Sarepta organisert på ein måte som er svært administrativt effektiv og handlingsdyktig, samt kostnadseffektiv. Det aller beste ved oppbygginga trur eg er det tillitsmessige i arbeidet. Styret, leiarskap og forkynnarar er nødt til å opptre slik at det skaper tillit, ellers sluttar ikkje folk opp om arbeidet. Det er ikkje ein organisasjonsstruktur som kan gripa inn og korriger eller avsetja, eller som har ein tyngde i seg sjølv. Det er tilliten til styret, leiinga og forkynninga som utløyser støtte, både i gjevarteneste, forbønn og aktiv deltaking på ulike måtar.

Eit arbeid som er tillitsbasert på denne måten, har den faren med seg at styret og leiinga kan verta unødvendig forsiktig og redd for å gjera noko som misjonsfolket reagerer på, slik at arbeidet vert lamma. Skjer det, vert organiseringa sin eigen fiende. Strukturen er slik at styret og leiinga går i front, særleg ved det som vert forkynt og undervist i Sarepta, slik at folk får tillit til dette, og sluttar opp om arbeidet.

For at dette skal skje, treng styret og leiinga innspel frå misjonsfolket, og difor er også Landsmøtet så viktig, sjølv om det formelt ikkje har så sterk posisjon. Det er altså ei viktig helg på Ognatun, både med tanke på forkynninga og arbeidet.

Johannes Kleppa