Nyateismen på tilbakegang – sjølsagt!

Frå rundt 2000-årsskiftet og utover var det i Vesten ein nokså sterk framgang for ateismen. Sidan dette kom som ei bølge og hadde ei litt anna og meir aggressiv form enn slik vi tidlegare møtte denne åndsretninga, vart det gjerne kalla nyateisme. Nokre av dei fremste talsmennene for nyateismen var i England, og nokre var framståande vitskapsfolk, om enn på andre område enn filosofi, livssyn og religion. Her i landet låg vi i front av den nyateistiske bølga, og då kombinert med tru på evolusjonslæra. Sett i lys av folketalet har Noreg i mange år vore ei humanetisk stormakt globalt sett.

No vert det meldt at nyateismen er på tilbakegang. Fleire av dei fremste representantane har vedgått at kristendommen har hatt stor betydning for den positive utviklinga som har vore i Europa og Amerika, og at det er umogleg å forstå dagens samfunn utan på denne bakgrunnen. Det har også vorte peikt på at det er uhyre vanskeleg, kanskje umogleg, å halda oppe ein objektiv og forpliktande etikk på basis av ateismen. Etikken må ha ankerfeste i noko overordna, i Gud. Talsmenn for nyateismen har no kome ut av skapet som «kulturkristne». Vi såg litt av det same ved feiringa av Kristenretten av 1024 på Moster for litt sidan. Talspersonar for det offisielle Noreg framheva kristendommen på måtar vi knapt har sett i det siste i politikk, kultur og samfunnsliv.

Denne tilbakegangen for nyateismen er på ingen måte overraskande. Etter mitt skjønn har ateismen ikkje filosofisk, livssynsmessig, vitskapleg eller rasjonell berekraft. Ateismen er ein tankemessig illusjon. Nyateismen har dessutan dei samfunnsmessige realitetane mot seg. Den evolusjonstenkinga som nyateismen byggjer på, har også realitetane og fornufta mot seg. Hovudgrunnen til at ein likevel held fast på og «forkynner» denne, er at ein ellers må akseptera den kristne skapartanken og med det Gud Uviljen mot kristen tru har vore så stor at ein har svelgt fornuftsmessige og vitskaplege kamelar i stort omfang.

Ateismen har aldri hatt vind i segla, og det er ein filosofi som folk berre unntaksvis har slutta seg til, og som aldri har vore av sterk overtyding. For nyateismen sin del har kristendomsmotstand, av karakter som kristendomsfobi, vore drivkrafta. Eit så negativt utgangspunkt er utan ideologisk og filosofisk berekraft. Har ein ikkje eit positivt utgangspunkt som oppdrift, vil ein etter kvart gå trøytt.

Dessutan viser det seg stadig at når livet bryt på, søkjer ikkje folk seg sjølv og det ateistiske, men noko utafor seg sjølv og guddommeleg. Det såg vi svært tydeleg i samband med Utøya-terroren. Folk søkte ikkje til Humanismens hus eller til Humanetisk Forbund for å få trøyst og hjelp, men til Domkyrkja i Oslo og andre kyrkjer. Den i stor grad humanetiske regjeringa stilte i Domkyrkja til minnemarkering og sørgehøgtid, ikkje i ein ateistisk setting.

Eg har mange gonger litt ironisk sagt at eg gjerne vil ha bilete av alle ekte ateistar, og eg skal få plass til dei på veggen i stova, sjølv om denne er heller liten. Utøya-tragedien viste altså at ateismen ikkje stakk så djupt. Etter det om no skjer med nyateismen, vert det nokså romsleg på stoveveggen.

Kvifor er det slik at ateismen ikkje på noko tidspunkt i historia eller i nokon kultur har fått fotfeste og utbreiing? Kvifor lukkast ikkje den franske revolusjonen og den sovjetiske kommunismen å omdanna folket til ateistar? Kvifor må Kina og Nord-Korea bruka makt og manipulasjon for å prøva å halda folket i eit ateistisk grep?

Jo, fordi mennesket er skapt i Guds bilete og har fått æva langt ned i hjarta sitt! Det gjer at folk til alle tider i historia og på tvers av kulturar har søkt noko utanom seg sjølv, noko guddommeleg. Diverre førte syndefallet med seg at denne søkinga skjedde med ryggen mot den sanne Gud, slik at det vart avgudar av ulike slag folk søkte. Ved openberringa ved Ordet og Kristus, vart det mogleg å søkja den sanne Gud – ved at han søkte mennesket først.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock