Med tanke på ekteskap og vigsel har situasjonen dei siste tiåra endra seg på fleire måtar, både prinsipielt og praktisk. Praktisk sett var det før slik at det store fleirtalet av ekteskapsvigsler skjedde i Den norske kyrkja ved presten som vigselsmann, nokre skjedde på tilsvarande vis i frikyrkjer med pastoren som vigselsmann og nokre skjedde i statleg regi ved fogden. All vigsel var på statens fullmakt, og i samsvar med ekteskapslova som berre omfatta ekteskap mellom ein mann og ei kvinne.
Ved at det vart opna for «likekjønna ekteskap», vart ekteskapslova endra slik at ho vart kjønnslikegyldig. Den nye ekteskapslova ligg til grunn for alle ekteskap som vert inngåtte i landet vårt, og med det er alle ekteskap i prinsippet kjønnslikegyldige, sjølv om ekteskapsliturgien kan vera heterofil. Ut frå bibelforplikta kristen tenking er det svært problematisk at ein vigslar i kraft ei kjønnslikegyldig ekteskapslov, altså ei ulov som lyg om mann og kvinne og om ekteskapet.
Den praktiske sida ved vigsel er også endra nokså mykje, ved at ordførarar og andre rundt om i kommunane no kan vigsla på vegner av staten. I tillegg har det vorte oppretta fleire reint kyrkjerettslege trussamfunn, slik om i ImF og i NLM, som også kan ha vigselsrett. Etter mitt skjønn har ein ikkje tenkt nok gjennom kva det inneber å ha vigselsrett og å vigsla med tanke på at ekteskapet er ei skaparordning, men der ein har teke vigsla inn i den kristne forsamlinga og må utføra denne i kraft av ei ugudeleg lov.
Ei vesentleg side ved ekteskapet er at dette er offentleg, og difor må også vigsla vera offentleg. Her i landet har vi vorte vane med å tenkja at offentleg betyr kommunalt, fylkeskommunalt eller statleg, men det er ei moderne vestleg tenking. Konsekvensen er at ekteskapsvigsla må skje statleg eller på vegner av staten, men det er ei oppfatning som korkje har historia eller det globale på si side. Det er mange måtar å inngå ekteskap på, som er offentleg, men uavhengig av staten. Ei anna sak er at ekteskapet må statleg registrerast av omsyn til lovgjevinga rundt ekteskapet.
Etter mitt skjønn bør kristne samanhengar som held fast på det heterofile ekteskapet som det einaste rett og gyldige kristent sett, bryta med den kjønnslikegyldige ekteskapslova. Det kan ein anten gjera ved å avstå frå vigselsrett eller ved å etablera si eiga offentlege vigsel. I det først tilfellet må då alle vigslast «borgerleg», og det er fullgyldig ut frå at ekteskapet er ei skaparordning. I forlenginga av det kan ein ha ein bryllaupsfest med forkynning, forbønn og velsigning, men utan formell vigsel, slik at ein får fram den spesifikt kristne karakteren for ekteskapet.
Det andre alternativet er å ha full vigsel i kristen samanheng, og definera denne som offentleg og gyldig vigsel, slik at brudeparet etter det kan starta det ekteskaplege samlivet på rett kristent vis. Diverre er det inga ordning i den norske ekteskapslova som seier at ein berre kan melda inn slik vigsel for å koma inn under all lovgjeving som gjeld ekteskapet. Ein må difor gjennom «ny» borgarleg vigsel for at det skal skje, men det er då berre å rekna som den juridiske sida ved ekteskapet. Eg trur dette ville vera den beste ordninga teologisk sett, og meiner det bør arbeidast fram ei ordning for dette. Ein kan då ikkje reint privat definera kva som er offentleg, men det må skje via den kristne forsamlinga, organisasjonen eller trussamfunnet.
Det er også eit spørsmål om kven som kan vigsla i kristen samanheng. Dersom ein einsidig legg vekt på at ekteskapet er ei skaparordning, og at ein vigslar på vegner av staten, kan i og for seg kven som helst ha vigselsrett innan lova sine ordningar.
Etter katolsk lære er ekteskapet eit sakrament, og fell med det inn under presten sitt ansvar. I luthersk samanheng er sakramenta knytte til frelsesspørsmålet, og med det er ikkje ekteskapet eit sakrament. Like full er det i Skrifta ei spesifikk lære om ekteskapet, med utgangspunkt i forholdet mellom Kristus og kyrkjelyden. Det er eit kristent ekteskap. Den som vigslar på vegner av eit kristent trussamfunn, må vigsla i samsvar med det kristne ekteskapet, og då nærmar vi oss at det kjem inn under hyrdefunksjonen. For organisasjonar og kyrkjesamfunn som held fast på tenestedeling, betyr det at det i så fall er menn som skal vigsla.
La meg få illustrera frå eige liv. Eg er vigsla to gonger, og begge gongene av sokneprest Arnfinn Haram – altså før han vart katolikk! Begge gongene hadde han grundig samtale med oss som komande ektefolk. Eg opplevde det som utøving av hyrdeteneste og hyrdeomsorg, og eg sette pris på det. Samtalane var nokså ulike. Første gongen dreidde det seg om kva ekteskapet er ut frå slik vigselsritualet er. Andre gong skulle eg gifta meg som enkemann med eit barn på 12 år, og det var noko av premissane for den nye ektefellen, og samtalen inkluderte det. Dei samtalane Haram hadde med oss, kunne ikkje ein borgarleg vigselsmann hatt. Dei gjekk ut over det reint skapingsmessige og inn i kva eit kristent ekteskap er for liv og misjonsteneste.
Etter mitt skjønn bør altså dei som no har vigselsrett i kraft av å vera eit trussamfunn, tenkja grundig gjennom kva dei då har teke på seg ut frå den kjønnslikegyldige ekteskapslova og kva funksjonen vigslaren har i høve til kristen tenking om ekteskapet. Den konklusjonen ein dreg og den praksisen som fylgjer av det, må bibelsk dokumenterast.
Johannes Kleppa