Refleksjonar frå Holmavatn

Bibelhelga Sarepta nett hadde på Holmavatn, var heilt «ordinær», og slik sett er det ingen ting å skriva om frå helga! Men nettopp det at det ikkje var noko spesielt ved helga, gir grunn til nokre refleksjonar.

Høyr talar frå bibelhelga her.

Kva er det som gjer ei bibelhelg «ordinær? Jo, at Guds ord vert rikeleg forkynt, særleg ved  bibeltimar. Det skjedde også denne helga, og det er svært nødvendig. Av ulike grunnar var det ikkje med det meste folk denne gongen, men det var god spreiing i alder og geografi, og ein og del frå området kom på samlingane.

Det var nokså stor variasjon i det som vart forkynt og undervist, men alt var sentralt. Det gjaldt både Jesu forsoningsverk og evangeliet, folk si frelse, det å vera og leva som ein kristen i vår tid og kampen mot synda. Det er viktig at kristne får grundig bibelsk innføring i både desse og andre tema, og til det er bibelhelger veldig tenlege. Det er også eit gode at det er god tid til samtale, åndeleg og sosialt fellesskap. God mat set ein ekstra spiss på det heile, og det får ein på Holmavatn!

Det er ein ting som paradoksalt nok både gled meg, undrar meg og gjer meg uroleg. Det kommentarar av typen: «Slik forkynning høyrer vi nesten aldri no.» Det vert gjerne også sagt, både direkte og indirekte, at den forkynninga ein har vore van med på bedehuset, er det stort sett berre Sarepta som står for no. Dette vert sagt med takk til Sarepta, og det er dette som gjer at nokre stadig kjem tilbake til bibelhelger og andre samlingar i Sarepta sin regi. Dei ønskjer den forkynninga som råder her.

Det er sjølvsagt gledeleg at folk finn forkynninga i Sarepta bibelsk, god og aktuell, og at det er ei forkynning dei kjenner seg heime i ut frå slik det har vore på bedehuset og i lekmannsarbeidet. Det undrar meg at dette skal vera sjeldan forkynning. Der eg går og høyrer Guds ord, varierer det nok ein del kva og korleis det vert forkynt, men ein god del av det eg høyrer er omtrent som det eg høyrer i Sarepta sine samanhenger. Dessutan er jo mi eiga forkynning den same uavhengig av kor eg opptrer. Dersom det verkeleg er sant at den forkynninga Sarepta står for, er sjeldan vare no for tida, er det verkeleg grunn til uro. Det er viktig både at det mest sentrale i kristen tru vert forkynt, og at alt anna vert orienterte ut frå sentrum i Guds ord, som er forsoninga og rettferdiggjeringa.

I samtalar kjem det ofte fram at det mange stader er lite møteverksemd og forkynning. Mange er uroa for at det minkar med forkynnarar, særleg omreisande predikantar og at mange av dessen  er pensjonistar. I dei ulike organisasjonane er det gjennomgåande slik at når nokon sluttar, vert dei ikkje erstatta eller at det sluttar fleire enn nye som byrjar. I Sarepta ønskjer vi å satsa på forkynnarar, men dei siste åra har det vore vanskeleg å finna nye forkynnargåver, slik at møteverksemda dei sist tre åra har vore nokså stabil, men vi skulle ønskt ho auka. Vi skulle gjerne oppretta stadig nye møteplassar mellom folk og Guds ord, og vi skulle svært gjerne hatt meir jamn møteverksemd på dei plassane vi har møte. Det er stadig ønskje om at vi må kom att og at vi har faste møte på staden. Det siste er det ikkje så mange stader vi maktar. Dette er ei stor bønneoppgåve for Guds folk.

Som vanleg på denne bibelhelga hadde vi ein bolk med orientering og samtale om arbeidet. Det gjaldt både arbeidet i Spania og i Noreg, og aller mest om Bjorliheimen. Folk verka positive til det dei høyrde. Det er påfallande kor positiv respons det er til at Sarepta overtek drifta av Bjorliheimen, som vi kjem til å kalla Bjorliheimen Fjellhotell. Det er ei positiv haldning til det å driva eit kristent avhaldshotell, og til det å ha mange og ulike typer kristne arrangement det. Det verkar som at folk synest det er ekstra spennande at vi tenkjer ein bibelskule utan statstøtte knytt til hotellet. Det kan gje stor fleksibilitet for opplegget, gjerne kombinert med opplegget på Centro Sarepta.

Overtakinga av Bjorliheimen skjer 1. juli, og det opnar for at vi kan få til fleire møtestader mellom folk og Guds ord, og at vi kan nå fleire folk og nye grupper. Det krevst sjølvsagt folk til ei nytt og utvida arbeid, ikkje minst med tanke på  bibelskule og undervisning. Det er ei viktig bønneoppgåve å minna Herren på at han må opna vegar og leggja til rette, og at vi som har ansvar for arbeidet ser og vurderer rett, slik at vi kallar dei Herren har kalla.

Johannes Kleppa