Sivil ulydnad for kristne friskular

Utdanningsdirektoratet (Udir) har hatt tilsyn ved Samfundets skular i Kristiansand og Egersund. Det har vore skrive ein del om dette tilsynet, vurderingane og konklusjonane, og det heile er så alarmerande at det er ei sak for langt fleire enn denne kristne samanhengen. Samfundet er ei nokså spesiell plante i norsk kristenliv, og det er difor lett å overlata det problemet dei no er oppe i, til dei sjølve, men då sviktar ein på fundamentalt vis. Ein sviktar både med tanke på dei som er under angrep og med tanke på konsekvensane for kristne friskular generelt.

Samfundet kan umogleg bøya seg for det pålegget Udir kjem med, og dei har då også skaffa seg ein dyktig advokat på området. Bøyer dei seg, kan dei like godt leggja ned skulane sine, eller så vil desse verta ein reiskap mot det Samfundet står for. Det som er enda viktigare, er at kristne friskular generelt ikkje kan bøya seg for den tenkinga Udir her legg for dagen. Gjer ein det, undergrev ein alt som heiter bibelbasert- og bibelforplikta skuledrift. Det er umogleg å driva kristne friskular med truskap mot Skrifta ut frå dei premissane Udir legg til grunn.

Konklusjonen min er difor at her må det kristne Friskule-Noreg stilla seg solidarisk med Samfundet og deira skular. Ein må kort og godt seia at den tenkinga Udir her legg til grunn og dei konklusjonane og pålegg dei dreg av det, er totalt uakseptabel for kristne friskular. Ein må rett og slett gjera det utvetydig klart at ein ikkje bøyer seg for det, men underviser i samsvar med si overtyding og i samsvar med det mandatet som ligg i foreldreretten sitt ansvar for barna si oppseding og opplæring, slik ein har gjort. Ein må vera villig til sivil ulydnad, og ein må ta saka til retten om Udir eller regjeringa ikkje endrar haldning. Slik ulydnad og slik rettsak må Samfundet sleppa å stå åleine med. Heile Friskule-Noreg må gå saman med dei.

Udir har ført tilsyn med totalt fem skular i denne samanhengen, og dei skriv at innhaldet i rapportane er omtrent lik for alle. Det er naturleg fordi alle skulane byggjar på same grunnlaget, og har i stor grad same undervisningsmateriell. Eg har lese ein av rapportane, og det er skræmande lesnad. Det er nesten som ein ikkje trur det ein les, fordi det er totalitært og ideologiske einsrettande med utgangspunkt i det som vert kalla «fellesskulen», og det som ligg i tidsånda. Den prinsipielle retten friskular har, vert innsnevra og til tider utradert ut frå kva Udir meiner samfunnet krev og kva Udir meiner er best for elevane. Det er Udir si subjektive oppfatning som overstyrer det heile.

Det kan sikkert diskuterast om læremidla for dei aktuelle skulane og den undervisninga lærarane gjev, er god er eller dårleg. Det er heilt sikkert formuleringar som kan endrast, men det er ikkje på dette planet kritikken frå Udir går. Hovudelementa i kritikken og pålegga går ikkje på administrative, strategiske eller pedagogiske spørsmål, men på det ideologiske og livssynsmessige. Ja, det går like inn i teologien, læra og kristentrua. Det er klassisk kristen lære om kjønn, samliv, synd, skaping, religionar mm som vert underkjent og nekta undervist.

Det kan ikkje seiast at homofilt samliv er synd, ein kan ikkje undervisa at nokon tek «feil» når det gjeld trua og ein kan ikkje undervisa noko som vert oppfatta som i strid med den rådande naturvitskapen. Dei ulike religionane skal presenterast ut frå sin eigenart – noko som er sjølvsagt, men ein kan ikkje vurdera dei ut frå Guds ord. Skulane «skal ikke framstille enkelte former for seksuell orientering som unaturlig eller illegitime». Det siste kan knapt nok Udir meina, for kva då med seksuell orientering mot dyr, pedofili og sadistisk orientert sex, for nå nemna noko? Dei argumenterer generelt, men det er dei former for seksuell orientering og praksis som er aksepterte i dagens norske samfunn, særleg homofilt samliv, som det er meint.

Når det gjeld seksualitet og samliv kan ein ikkje seia at noko er «galt og syndig». Styret for skulane må «sikre at lærerne ikke formidler at det er galt å være homofil og leve i et homofilt samliv.» Her skil ein ikkje mellom det å vera homofil og det å leva homoseksuelt, og det er eit generelt problem i tilsynsrapporten. Skal ein fylgja Udir sin rapport, må ein avstå frå å undervisa det Bibelen seier i dei aktuelle spørsmåla – ja, ein må faktisk undervisa det motsette. Udir bed skulane «om å endre undervisningen og lærebøkene». Det visest på ein merkeleg måte til «elevenes rettigheter», men foreldreretten – som er ein fundamental menneskerett – er fråverande. Religionsfridomen vert overkjørt i namnet av dagens politiske og ideologiske tenkning i det norske samfunnet. Det er rett og slett uhyggeleg å lesa rapporten.

For nokre tiår sidan var det kristne Friskule-Noreg samd om å visa sivil ulydnad med tanke på styringsretten for friskulane, men der vart lova endra, slik at ein unngjekk det. No må Friskule-Noreg på nytt stå opp mot statleg overstyring, og no gjeld det innhaldet i undervisninga, at denne kan vera i samsvar med Skrifta og det foreldra vil. Dette er heilt i kjernen av ideen bak kristne friskular, og med det går det på deira livsrett og deira livskår.

Er det nokon gong sivil ulydnad kan forsvarast, er det i ein situasjon som denne. Friskule-Noreg har eit godt organ i Kristne Friskolers Forbund, og dette organet må no ta initiativ som viser alvoret i saka, og som om nødvendig inneber sivil ulydnad. Alt mindre enn dette vil vera svik mot kristne friskular og foreldreretten.

Johannes Kleppa