Teologisk opprustning på bedehuset

Torbjørn Bjorvatn skreiv nettopp i Dagen ein interessant og utfordrande artikkel om den teologiske situasjonen på bedehuset, både når det gjeld læremedvitet og den læremessige substansen. Han etterlyser sterkare fokus på sentrale deler i ei evangeliske-luthersk kristedomsforståing, og han har forslag til opprustning på området. Eg trur han har mykje rett i det han skriv.

Bjorvatn påpeikar at ein har henta inn ny musikk og nye uttrykksformer, og at det også lett dreg med seg ny teologi. Det er ein tankevekkande observasjon. No er det å henta inn ny musikk og nye uttrykks- og arbeidsformer ikkje noko nytt på bedehuset. Det har skjedd fleire gonger knytt til vekkingslivet, og har hatt positive verknader.

Situasjonen no er likevel ein heilt annan enn for vel 100 år sidan. Då var det i stor grad ein homogen kristenkultur med stor kristen kunnskap av bibeltru og luthersk karakter, og økumenikk var praktisk talt ukjent. I tillegg til kristendomskunnskapen gjennom skulen og konfirmasjonen, var det omfattande forkynning på bedehuset, både av evangelistar og bibellærarar. No er alt dette svært sterkt redusert, og med det får endringar lettare teologiske konsekvensar.

Bjorvatn skrive at det har vore eit hamskifte med tanke på ytre former, og spør om det også har vore eit teologisk hamskifte. Det er eit spørsmål det i det minste er klokt å stilla. Det er truleg ein realitet at det til ei viss grad har vore det, og det kan ikkje vera tvil om at det læremessige medvitet og den læremessige substansen er svekka. Det er ikkje alle som forstår poenget med ein diskusjon om luthersk og katolsk lære, og det er truleg enda færre som ser forskjellen på nykarismatisk teologi og forkynning og evangelisk-luthersk. Bjorvatn har rett når han skriv:

«Vår lavkirkelige kristendom står overfor et veiskille. Kombinasjonen av misjonsbevegelse, forsamlingsbevegelse og teologibevegelse er slagkraftig. 

Den kan gi de lutherske misjonsorganisasjonene en tydelig rolle, styrket identitet og ny berettigelse i vårt urolige kirkelandskap. Teologisk sterke bedehusforsamlinger kan danne et fundament for norsk kristenliv i generasjoner.

Motsatt: Læremessig likegyldighet vil tømme bedehusene like fort som den har tømt kirkene i løpet av vår levetid.»

Det er ved å vera seg medviten læregrunnlaget og den læremessige substansen i forkynninga at kristne forsamlingar og arbeidslag over tid kan overleva og veksa. Dersom ein ikkje tek dette på alvor, er det ikkje berre andre konfesjonelle læreoppfatningar som inntek bedehuset, men liberal teologi. Det siste er sjølvsagt det klart mest alvorlege, fordi det er dødens veg åndeleg tala.

Bedehuset og organisasjonane lever ikkje i eit åndeleg vakuum eller i eit åndeleg beskytta rom, men dei lever i den samfunnsmessige og kyrkjelege situasjonen som er i samfunnet. Når så samfunnet i stor grad er sekularisert og kyrkjesituasjonen i tilsvarande grad er bibelkritisk og teologisk liberal, er lekmannsarbeidet (og alle typar frikyrkjer) under eit konstant press bort frå sitt grunnlag, sin identitet og sitt formål.

Også Misjon Sarepta er under eit slik press og treng utfordringa frå Torbjørn Bjorvatn. Vi prøver etter fattig evne å motstå presset og gjera det teologiske byggingsarbeid han etterlyser. Det skjer ved undervisninga på Centro Sarepta, og det skjer gjennom mykje bibelundervisning gjennom heile året, og ikkje minst på Holmavatn, på Holmen og i Fyresdal. Det trengst likevel meir, og det er noko av grunnen til at vi ønskjer å starta ein bibelskule knytt til Bjorliheimen. Den teologiske opprustninga må prioriterast.

Johannes Kleppa