Dette er første gongen eg skriv Ettertanke frå Bjorliheimen Hotell og Møtesenter. Eg har skrive mange gonger frå Centro Sarepta i Spania, og frå andre stader der eg har vore på reise. Om det vert fleire gonger frå Bjorliheimen, veit eg ikkje, men eg vil tru det.
Misjon Sarepta har enda ikkje overteke Bjorliheimen, men det er berre vel tre veker til det skjer. No er her pinsestemne med Sveinung Lianes i spissen, og med Svein Granerud som talar. Slike pinsestemne har det vore i mange år, og eg reknar med at det held fram med Sarepta som drivar. Det er ulike songkrefter som deltek, og mellom dei er Arild og Ingibjørg Melberg. Arild er godt i gang med prosessen for å kunna overta som dagleg leiar av hotellet. Eg er beden om å ha ein kombinert bibeltime og orientering om Misjon Sarepta og kva vi har tenkt med Bjorliheimen. Det er jo ein fin gest å få lov til det.
Når vi samlast til møte, fylles møtesalen. Dei fleste bur på hotell, men nokre har bubil eller campingvogn og så kjem det ein del hyttefolk og andre. Det er fint å sjå hotellet i bruk. Det fungerer med ei heimsleg atmosfære, og at det er tydeleg at folk trivest. Midt på dagen er det god tid til å gå på tur, og det er mykje å velja mellom. For min del tok et ein kombinert gå- og joggetur litt opp i fjellet, og kunne konstatera at det er svært gode og fine område for fjellturar av ulik lengde. Det er eit eldorado for fjellfolk, både sommar, haust og vinter.
Noko av det gode med hotellet, er at det er så stort og har så mange ulike rom, at det kan skje fleire ting parallelt. I det eg sit og skriv dette, er det nett kome ein buss med turistar frå Mellom-Europa som skal overnatta her. Det kan altså skje samstundes som det er ein fin flokk med deltakarar på pinsestemnet. Dette betyr at vi kan ha ulike aktivitetar utan at vi går i vegen for kvarandre, men der hotellet kan ha inntekter på «vanlege» turistar samstundes som det er kristne arrangement.
Nokre av deltakarane kjenner eg frå før, både frå Sarepta og andre samanhengar, men dei fleste kjenner eg nok ikkje. Dei kjem frå ulike stader, og ein god del frå Gudbrandsdalen og like frå Sarpsborg. Ein del av dei kjenner att meg fordi dei har vore på møte der eg har talt, lese noko av det eg har skrive i Dagen og andre stader og sett Sareptas krukke på Bedehuskanalen. Dei kjem og takkar både for det dei har lese og høyrt, og dei er svært glade for at Sarepta skal overta Bjorliheimen. Dei vil kom att på arrangement her også når det er Sarepta som står for det.
Som sagt, Bjorliheimen er eigna for mange og ulike aktivitetar og arrangement, og det vert spennande å sjå kva Sarepta får til. Vi arbeider for tida med ein plan for det, slik at det vert som eit årshjul med ulike arrangement for ulike aldersgrupper og familiar. Det gjeld å fylgja med på heimesida til Sarepta for å finna ut kva du kan reisa på!
Det vil vera ei utfordring også å få vera til velsigning for Lesja-området. Hotellet har ein god posisjon i folket her, og det er ei bønn at det også må få bety noko åndeleg. Lesja var i tidlegare tider eit sterkt kristent område, men no er det veldig svakt. Kjende forkynnarar herifrå er Per Nordsletten og Jakob Traasdahl, og så hadde Ludvig Hope hytte her. Det kan jo Bjorliheimen spela på.
Sarepta vil bruka hotellet til i enda større grad enn før å skapa møteplassar mellom folk og Guds ord, og til å utrustna kristne til å vera Kristi sendebod til verda. Det siste ligg særleg bak tanken om å få til ein bibelskule på Bjorliheimen. Denne er tenkt å drivast utan statsstøtte, slik at vi på alle måtar kan stå fritt i opplegg og undervisning. God drift av hotellet kan gjera det mogleg utan at elevane må betala meir enn på andre bibelskular, samstundes som dei kan delta aktivt i arbeidet på hotellet og ved utreise.
Det er mykje som ligg godt til rette for at Bjorliheimen kan halda fram og utviklast som ein god arbeidsreiskap for Guds rike. Det gjeld både bygningsmassen og dei mange som har tilknytting til passen. Det gjeld også medarbeidarane på staden og nye som kjem til. Økonomisk må det vera mogleg å få det til å gå rundt. Den åndelege sida må Herren ordna med, om det skal verta åndsgjennomslag ved at Guds ord når inn i hjarto til frelse, nytt liv og misjonsengasjement. I dette ligg det eit sterkt kall til å be for Bjorliheimen og alt som skal skje ved hotellet, slik at det verkeleg vert ein åndeleg heim. Kallet til deg er altså: Be!
Johannes Kleppa