Kva er bot?

Ordet «bot» brukar vi i ulike samanhengar. Når vi har gjort noko galt, slik som feilparkert, får vi bot, altså ei form for straff. I den katolske kyrkja er det snakk om botsgjerningar, slik som avlat, altså ei form for godtgjering. I Frelsesarmeen har det det vore praksis med botsbenk framme i salen der folk knelte når dei overgav seg til Gud, altså ei form for markering av omvendinga. I luthersk samanheng er bot det same som omvending, anten det gjeld den første omvendinga til frelse eller den daglege omvendinga til fornying og helging.

Den siste søndagen i oktober er i kyrkjeåret Bots- og bededag. Det er ikkje mykje markering av denne dagen no for tida, og det er vel også lite botsforkynning. Slik har det ikkje alltid vore. Bots- og bededag vart innført ved kongeleg forordning i kongeriket Danmark-Noreg i 1686, og dagen vart lagt til fjerde fredag etter påske. Poenget var at folket reelt skulle gjera bot og be Herren om nåde. Det var offentleg høgtids- og fridag. I 1915 vart dagen flytta til siste fredag i oktober. Med det kom dagen nær opp til Allehelgensdag, som var første søndag i november. I 1950 vart dagen flytta til siste søndag i oktober, og med det var det ikkje lenger ein sjølvstendig høgtids- og fridag. Om eg hugsar rett, var grunngjeving til flyttinga at landet etter krigen trong fleire arbeidsdagar til gjenreisinga av landet.

Poenget er jo ikkje dagen og tidspunktet, men saka og innhaldet. Ved at dagen vart lagt til ein søndag, vart markeringa stadig mindre. Bots- og bededag er ikkje ei spesiell sak for landet vårt, men det er ei særnorsk ordning at denne er lagt til ein søndag. Vi gjer klokt i å løfta fram Bots- og bededag, og det som åndeleg sett ligg i denne dagen, altså det som gjeld bot eller omvending.

I den evangelisk-lutherske vedkjenninga er bota definert i Augustana artikkel 12, og denne har overskrifta Om bota eller Omvendinga, og her heiter det:

«Om bota lærer dei (lutheranarane) at dei som har falle etter dåpen, kan få tilgjeving for syndene når som helst, når dei omvender seg, og at kyrkja bør gje avløysing til dei som vender attende til bota. Men bota er eigentleg samansett av desse to stykka: Det eine er angeren eller redsla som vert jaga inn i samvitet når synda vert kjend, og det andre er tru, som vert avla av evangeliet eller avløysinga, og som lit på at syndene vert tilgjevne for Kristi skuld, trøystar samvitet og friar det frå redsla. Deretter bør det fylgja gode gjerningar, som er frukt av bota.»

Bot aller omvending inneheld altså to element: Syndserkjenning og tru. Det svarar til at Guds ord er lov og evangelium. Lova rammar samvitet og skaper syndserkjenning, som her er omtalt som anger og redsle, og av det fylgjer syndsvedkjenning. I vår åndssituasjon er forkynning av lova så svak, og det same er den åndelege erkjenninga, at det knapt kan talast om «redsle» for synda, Gud og dommen, men skal folk søkja frelse, må det vera eit minimum av anger. Dette er det altså lova som «jagar» inn i samvitet, ikkje noko som veks fram av det naturlege mennesket.

Når dette har skjedd, må samvitet setjast fri, og det skjer ved at trua vert «avla» ved evangeliet. Det skjer ved forkynning, og det kan skje ved absolusjon eller tilseiing av syndstilgjeving. Når evangeliet slik får frigjera samvitet frå syndeskulda, vert samvitet trøysta og med det vert ein fri redsla for synda, Gud og dommen. Evangeliet gjera altså den motsette gjerninga av lova.

Vi opplever nok ordet «bot» som litt mørkt, tungt og trist, men det er altså dette ordet som opp gjennom tidene er brukt i alle konfesjonar og kristne samanhengar om det å verta ein kristen og leva eit liv i fornying. I dag brukar vi helst ordet «omvending», og det er kanskje eit litt lysare og meir positivt ord, men saka er den same.

Det er avgjerande viktig at det vert forkynt til omvending og eit heilaggjort liv i samsvar med slik bota er definert i vedkjenninga. Vi har lett for å gå rett på trua og evangeliet, men bibelsk sett føreset trua at lova har fått gjera sin gjerning, altså at lova har «jaga» ei erkjenning inn i samvitet som gjera at vi søkjer Jesu forsoningsverk og ordet om syndstilgjeving. Frukt av det vil vera gode gjerningar til Guds ære.

Johannes Kleppa