Skaping og evolusjon – konflikt?

Det undrar meg stadig at det skal vera så om å gjera å få bibelsk skapingslære og vitskapleg evolusjonsteori til å gå i hop, også frå hald som definerer seg som teologisk konservative og bibelforplikta. Etter mi vurdering endar det alltid anten i at ein ikkje kjem til rette med det Bibelen seier om skapinga, eller så omtolkar ein den rådande evolusjonslæra slik at fagfolka på området ikkje vil gå god for det. Med tanke på apologetikk og hjelp til unge kristne, særleg studentar, vert begge delar omtrent like galt.

Professor i fysikk, Sverre Holm, har sett seg føre å påvisa at det som vert påstått å vera ein konflikt mellom naturvitskap og Gud, er ein innbilt konflikt. Det klarer han på mange måtar å gjera, både når ein ser historisk og prinsipielt på spørsmålet. Det er ikkje vanskeleg å seia seg samd med han i dette. Han presenterer i boka «Den innbilte konflikten» ei imponerande oversikt og innsikt når det gjeld naturvitskap og filosofi knytt til temaet, og det er ei like imponerande litteraturliste.olmHol

Det som er mindre imponerande, er teologien i boka. Denne er nesten fråverande. I litteraturlista er det ingen bøker om dogmatikk, fortolking eller bibelteologi til saka, berre til bøker som går direkte på evolusjon og skaping. I boka er det mange referansar til skriftstader og bibelsk tenking, men av heller overflatisk karakter. Skal ein driva apologetikk og fremja kristen tenking, må ein ta utgangspunkt i Skrifta og la Guds ord vera lyskastar inn over dei tema ein er oppteken med. Når ein går motsatt veg og let fagområde utafor Skrifta, slik som naturvitskapen, vera lyskastar inn over Skrifta, kjem ein ofte ut med meir omtolking og borttolking enn sunn utlegging av Guds ord.

Det er dessutan viktige spørsmål Holm ikkje tek skikkeleg opp, slik spørsmålet om informasjon, som professor i medisin, Kjell J. Tveter, er særleg oppteken av. Ein av våre aller fremste biologar, professor Trygve Gjedrem, seier at det som står i skapingsfortellinga om at Gud skapte «kvart etter sitt slag», svarar nøyaktig til slik det reelt er i dyreverda. Gjedrem var ekspert på avl, men det kan berre skje ei utvikling innan arten. Det er umogleg å avla fram nye «slag», fordi då må ein tilføra ny informasjon, og det kan ikkje menneske. Utviklinga må skje innan det som ligg i naturen. Denne utfordringa tek Holm ikkje opp med eitt ord. Derimot skriv han mykje og godt om problemstillinga rundt «bevissthet», som ikkje kan forklarast ved naturvitskap eller på materialistisk måte.

Eg er korkje naturvitskapsmann eller filosof, men eg har lært å lesa innaboks, og eg trur eg er i stand til å tenkja sjølv. Ut frå det reknar eg med at den naturvitskaplege framstilling og den filosofiske tenkinga hjå Holm er korrekt, men når det kjem til forholdet mellom evolusjon og bibelsk skapingslære, synest eg det ofte vert både tynt og forvirrande, til tider på grensa til spekulativt. Med tanke på bibelske tekstar er det stadig brukt uttrykk som at det kan tolkast ulikt og at det er mogleg å tolka det slik og slik. Det dreg ofte bort frå den naturlege forståinga ut frå ordlyden, og i ei anna retning enn det som har vore vanleg bibeltru tolking.

Det er noko som undrar meg både hjå Holm og andre, og det er at ein ikkje spør korleis skapingsfortellinga og slektstavlene i GT vert forstått av rabbinarane og i jødedommen. Det er jo hebraiske tekstar skrivne inn i ein jødisk kultur, og vil ein leggja vekt på sjangeren og kulturen, burde det vera naturleg å spørja dei som står nærast. Så langt eg veit, er det ei absolutt felles forståing blant rabbinarane at skapingsfortelling og slektstavlene skal forståast bokstavleg og historisk. Som kjent reknar jødane tidsrekinga frå Adam. Så langt eg har forstått, er det også den rådande oppfatninga blant ekspertar på hebraisk språk, at ordet «dag» i skapingsfortellinga betyr ein vanleg dag, og at ordet for «å skapa» viser at det har skjedd i det skapingsordet vart uttalt. NL-lærar Leif M. Mikkelsen skriv i sin kommentar til 1. Mosebok at det er umogleg å lesa skapingsdagane som lange periodar, og at den ideen berre har sitt utgangspunkt i tilpassing til evolusjonstenkinga.

Sverre Holm er kritisk både til ung-jord-kreasjonisme og til ID-rørsla, men han meiner både «styrt» evolusjon og «planlagt» evolusjon «har noe for seg», sjølv om han ikkje tek endeleg stilling til det. Han endar ut med eit svært uklart syn på Adam og Eva som historiske personar, på døden og syndefallet. Den bibelske tenkinga om at Adam er stamfar for menneskeslekta, og at Kristus er motbilete til det som frelsar, vert då utfordra. Det er dårleg teologi.

Det er påfallande at professor Holm ikkje går djupare inn i kva den rådande og naturalistiske evolusjonslæra medfører for kristentrua generelt, og for unge kristne studentar spesielt.  Den evolusjonsforståinga som Holm gjer seg til talsmann for, er uhyre sjeldan i fagmiljøa, og du finn henne ikkje i lærebøker som vert brukte i norsk skule. Her er det naturalistisk evolusjonslære som råder, og ho har vorte som eit livssyn.

Ungdom får etter mitt skjønn med det relativt lite hjelp i den faktiske situasjonen. Eg synest det heile vert litt naivt og på grensa til å kasta blår i augo på folk.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock