Forsamlingsliv og personleg kristenliv

For om lag eitt år sidan slutta Thomas Rake som pastor i Bedehuskirken på Bryne. «Jeg ville leve langsommere, så jeg kunne høre Guds stemme uten en forventning om at det måtte resultere i noe som er nedfelt i en strategi,» gir han som forklaring på kvifor han slutta. Frå ei side sett er dette ein aktverdig grunn, men frå ein anna side sett er det ei destruktiv grunngjeving. Normalt skal ikkje tilsette i kyrkje og misjon måtta tre ut av tenesta for å kunna leva rett med Gud. Då Rake slutta, fekk det stort oppslag i Dagen, og eitt år seinare er det eit stort intervju i Korsets Seier. Måten Rake reflekterer og argumenterer på med tanke på sitt personlege kristenliv i relasjon til den kristne forsamlinga, gir grunn til nokre kommentarar. Dersom kristne flest skulle tenkt som han, ville kyrkja som forsamling gått til grunne – og med det også organisert misjonsarbeid.

Det kan vera gode grunnar for at pastorar sluttar eller tek seg ein pause, kanskje særleg fordi ein har kjørt seg for hardt. Det kan også vera slik at kristne av praktiske grunnar ikkje kan ha eit aktivt forhold til ei kristen forsamling, eller at det har skjedd noko i livet som gjer at ein trekkjer seg unna for ei tid. Det normale kristenlivet er likevel å ha eit aktivt forhold til ei kristen forsamling. Det normale er også at kristen teneste har sitt utgangspunkt i den kristne forsamlinga. Eit individualistisk kristenliv er ikkje noko bibelsk ideal.

Apostelen Paulus omtalar ofte dei kristne som heilage, og når han skriv til dei, skriv han til kyrkjelydar, til «alle som på kvar stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn» (1 Kor 1;2). Når apostelen skriv om korleis dei heilage skal «setjast i stand til å gjera teneste, til å oppbyggja Kristi lekam», opplyser han at det skal skje ved dei nådegåvene – særleg forkynnargåvene – som er gjevne til eller sette i den kristne forsamlinga (Ef 4; 11f). Det er ikkje ved å trekkja seg ut av forsamlinga ein skal leva som kristen, vert utrusta til teneste og leva som Kristi brev til verda, men ved å leva i forsamlinga.

Ved at Rake argumenterer ut frå eit så aktverdig mål som sterkare å «kunne høre Guds stemme», er det lett gjort å verta fanga av tenkinga hans, men det bør vi av ulike grunnar ikkje verta. Han definerer i stor grad den kristne forsamlinga som ei mengd med «aktiviteter». Dersom det er aktivitetane som er hovudsaka, er der eit grunnleggjande problem, og då vil forsamlinga verka åndeleg utmattande. Sjølv om ein ikkje kjem utanom aktivitetar i ei forsamling og misjonsarbeidet, er tyngdepunktet ein annan stad.

Den kristne forsamlinga er samfunnet av dei heilage, der nådemidla vert rett brukte. Dette hovudaspektet er fråverande i det den avgåtte pastoren seier om forsamlinga og si eiga teneste. Då bommar ein grovt. All sann kristendom er basert på nådemidla, Ordet og sakramenta, og desse har sin base i og sitt liv ut frå den kristne forsamlinga. Det personlege gudslivet må difor haldast saman med eit aktivt forsamlingsliv. Det er berre då kristenlivet og den kristne tenesta er bærekraftig over tid. Både trua, nådemidla og nådegåvene relaterer seg til den kristne forsamlinga. Då er det ikkje eit ideal, men eit sjukdomsteikn når ein medvite og vilja held seg bort frå denne.

Den første gongen Gud omtalar sitt folk som kyrkjelyd eller «menighet», definerer han denne som forsamling, altså at det er ei samling om Gud, der han får tala og gje sine gåver og folket får tilbe han (2 Mos 12;3). Slik er det frå utgangen av Egypt til inngangen på den nye jorda, der forsamlinga står fram som Lammets brud.

Johannes Kleppa