Sjokkerande om kjønnstenking

Vanlegvis har vi ikkje bokmeldingar på heimesida til Misjon Sarepta, men denne gong gjer vi eit unnatak. Eg brukar skriva bokmeldingar til Dagen, og nedafor er skriva i den samanhengen. Eg meiner boka er så viktig og samstundes så grei å lesa, at Sarepta-venner over ein låg sko bør lesa henne, så difor fylgjer meldinga her:

Det er nokre tema som eg kvir meg for å lesa om, fordi det både er trøyttande og deprimerande. Det som omhandlar kjønnstenkning og kjønnsidentitet, er eit slik tema. Eg fekk nok om det knytt til debatten om kjønnsnøytral ekteskapslov og vigsel av likekjønna. Sjølv om eg har prøvt å fylgja med i debatten og utviklinga på området, har eg latt nokre bøker om temaet gå meg forbi.

Eg vil tru at eg ikkje er åleine om dette, men vi kan likevel ikkje la saka sigla sin eigen sjø, fordi dette er ei svært viktig sak både for einskildpersonar, samfunn og kristenliv. Utviklinga på området har gått så raskt at ein nesten ikkje kan førestilla seg det. Det som var heilt uaktuelt eller sett på som unormalt for 10-20 år sidan, er no akseptabelt og rekna som sjølvsagt – eller ein ser bort frå kva som er normalt og unormalt, rett eller galt når det gjeld kjønn.

Dette er ei etter måten lita og lettlesen bok «Om identitet og seksualitet i en skeiv tid», som undertittelen seier det. Boka kom første gong ut i Sverige i 2015, og var då eit pionerarbeid på området, men ho er på ingen måte udatert – heller tvert imot. Framstillinga føreheld seg til svenske forhold, men det kan berre vera bra, fordi då får vi det litt meir i perspektiv. Det som her er sagt om vårt naboland, gjeld i stor grad også hjå oss, eller det er på veg inn.

Det dreier seg om seksuelle minoritetar – ja, marginale grupper, men som har fått svært stor makt og som har fått dominerande innverknad i barnehage og skule, i lovgjeving og samfunn, i omsorgssektoren og langt på veg inn i kristne miljø. Det er snakk om ei ideologisk omskolering av heile folket til ei røyndomsforståing som bryt radikalt med kristen tenking.

Det er ikkje berre at ein tenkjer og vil leva på ikkje-kristent vis, men all anna tenking enn det som ligg i den så kalla queer-tenkinga eller skeiv teori, skal brytast ned. Det skje gjennom «normkritikk», som er ein kritikk og ei nedbryting av normer generelt og kjønnsforståing spesielt, og som med opphever kategoriar som normalt og unormalt, rett og galt når det gjeld kjønn og samliv. Det heile vert snudd opp ned, og alle må tenkja som den nye ideologien føreskriv, og der det biologiske får lite å seia. Med det tek ein svært liten minoritet det store fleirtalet som gissel, og klassisk kristen tenking på området vert sett ut av spel. Kristne kjem då under press.

Forfattaren av bok, Olof Edsinger, er ein svensk teolog og kristenleiar i sine beste år. Han er generalsekretær i Svenska Evangeliska Alliansen og ein framståande apologet. Han fortener stor takk for boka, og det same gjer Proklamedia som har fått henne omsett til norsk.

Dette er ei bok som ikkje er større enn at ho er overkommeleg for folk flest, og ho bør verta folkelesnad i kristne samanhengar – og helst langt ut over det. Det er åndeleg sjokkerande lesnad og eit ideologisk vekkarrop som vi i høg grad treng. Håpet er at «en skapelsesfiendtlig ideologi kan ikke bestå for evig», som Edsinger konkluderer.

Johannes Kleppa

Olof Edsinger

Når minoriteten tar majoriteten som gissel

Proklamedia 2020

Hft. 121 sider

Foto: Adobe Stock