På møter i Romsdalen i veke 7

Tysdag 11. februar kom vi til Molde me fly. Basen er hjå Liv og Martin Schjølberg, ein gjestfri og utruleg god plass å vera. Oppvarting og samfunn av beste sort. Møta er lagt opp og førebudde  av desse trufaste tenarane i Guds rike. Møta dei legg opp har ein fast struktur: Liv ledar (som regel), Martin les eit stykke frå arbeidet til Misj.Sarepta, allsong og nokon (oftast Martin) syng, tale ved ”medbrakt talar” (Liv og Martin hyser og kjører), litt meir song, kollekt, og så er det kaffi og ”sareptakake” . Dei som lurar på kva det er må koma på møte i Liv og Martin sin regi!

Denne veka er det Audun Hjellvik som talar, og eg, Signe, som er kona hans, får vera med. Får til og med syngje duett med Martin!

Signe og Martin
Måndalen

Me starta møta i Måndalen 11. og 12.feb. Liv kunne ynskje ei fin forsamling velkomen. Martin spelte til allsong og song solo, og litt duett med Signe. 13. og 14. var vi på Eide, også her var det godt frammøte og godt å vera. 13. var Nils Arve Solem songar, og her var det lokal pianist, Per Einar Ellinggard på begge møta . 14. song Martin og Signe. Må berre seia at på Eide var det ei sjeldan god og fleirstemt allsong.

Eide

Audun tala alle desse kveldane med utgangspunkt i Peters breva. 2.Pet. 3.1-2 Formålet med breva: For å VEKKJA dykkar (Guds folk) reine hug ved PÅMINNING om det de veit! Ransakande forkynning om kor naudsynt det er å halde seg nær Herren Jesus i Ordet så vi ikkje sovnar og vert sløve av tidsånda. Vi kan vente motstand og vanskar i ”verda”, men vi har lovnad om at Jesus går med i alle vanskar og prøvingar vi måtte møte.

Laurdag var det fest på Sandnes bedehus. Rundt 30 menneske i alle aldrar møtte fram  Ekteparet  Nils og Jorun Valde arrangerte. Nils leda , Romsdalskameratane song, Nils Arve spelte til songane og Audun talte. Teksten var frå Ap.gj. 16,20 f. Her òg enda det i ein misjonsfest. Gjennom slag og fengsel, med takkebøn og lovsong i lenker, vart fangane brått redninga for fengselsvaktaren som kom i syndenaud og fekk høyre den glade bodskapen om Jesus Kristus som set fangar fri, ikkje fyrst og fremst frå fysiske fengsel, men syndefengselet. Og bord vart dekka i Filippi, det vart fest og frelsesfryd. Ein alvorleg bodskap til oss i dag, – er vi klare til lovsong i trengsel, er Jesus vår glede også då, og er vi i stand til å leie fangar ut i frihet? — Også på Sandnes var borda fint dekka. God mat og endå betre kaker vart servert .

Romsdalskameratene

Søndag16. kl 11 var det igjen møte på Sandnes, ein god flokk møtte fram, Liv leda, Nils Arve song og spelte, Audun tala meir frå Peters brev, i dag var det lagt vekt på det viktigaste me har fått, Ordet, 1.Pet 1,23 atterfødde av eit uforgjengeleg sed. Guds Ord som lever og vert verande.

Nils Arve

Så vart det søndag kveld og det siste møtet i Romsdalen var på Strande bedehus kl 19.30. Martin og Signe song, Liv leda og Audun talte meir frå Peter sine brev om profetordet som står fast, som ei lampe på som lyser på ein mørk stad.

Det har vore ei god og velsigna veke, den har gått fort og me har treft mange nye søsken i Herren. Takk for oss og Guds signing vidare.

Signe

Hovedbilde: Fra Sandnes bedehus på Åfarnes