Å forkynna fortaping

Det å forkynna fortapinga er inga enkel eller hyggeleg sak. Den som vil vera tru mot Gud og hans ord, må likevel gjera det. Alle vi som forkynner Guds ord, gjer klokt i å ransaka oss sjølve om vi forkynner fortapinga og korleis vi i så fall gjer det. Den debatten som har oppstått etter at biskop Atle Sommerfeldt stengte tidlegare UiO-leiar Alv Magnus ute frå preikestolane i Borg bispedøme, kan vera eit aktuelt utgangspunkt for å vurdera forkynninga av fortaping.

Sommerfeldt har presisert at han ikkje har stengt preikestolane for Magnus fordi han forkynte om livets to utgangar og Guds dom, altså det som gjeld fortapinga. Det hadde med måten dette skjedde på, og i den samanhengen gjev han eit døme på si eiga forkynning på dette området, som lyder slik:

«Det er liten plass i Guds fang for de av oss som er ansvarlig for økosystemets – Guds skaperverks – kollaps, og lidelsen påført millioner av mennesker slik at jeg skal kunne beholde og utvikle min og vår velstand. Uretten jeg er ansvarlig for bærer jeg med meg».

Til dette dømet er å seia at det er relativt tannlaust og generelt. Derimot er det nokså politisk korrekt og lite kontroversielt. Dessutan er det ei aktualisering som Bibelen sjølv ikkje gjer, men det er relativt lange slutningar ut frå bibelske prinsipp. Dette betyr ikkje at det biskopen her seier er feil – tvert imot, men det er ikkje så lett å ta til seg på ein måte som fangar og forpliktar samvitet. I alt som har med Guds skaparverk og økosystemet å gjera, er det alltid grader og vurderingar. Det som har med forvalting å gjera har med fornuft og politikk å gjera, og med det står det under debatt.

Det vert noko heilt anna der vi har å gjera med absolutte normative krav og retningsliner, og der Guds ord sjølv konkretiserer dette, slik det skjer i spørsmål om samliv og ekteskap. Dei aktualiseringane Magnus gjorde, var Bibelens eigne konkretiseringar. Desse er absolutt forpliktande, og kan ikkje diskuterast. Magnus si preike var i det heile boren av uvanleg sterk bibelsk substans, og står med det svært sterkt.

Dersom ein ikkje tillet på preikestolen i Den norske kyrkja den aktualiseringa av Guds lov som Bibelen sjølv gir, har ein i praksis nekta ei sann forkynning av fortaping. Om ein prinsipielt ikkje har sagt nei til forkynning av fortapinga, står ein då att med ei utvatna forkynning som ikkje har nødvendig åndsmakt i seg. Det er Bibelens forkynning som gjeld, ikkje våre fornuftsmessige og tidsmessige vurderingar.

Johannes Kleppa

Bilde: AdobeStock