Forkynningsprofilen i Sarepta

Når Misjon Sarepta no passerer fem år, er det naturleg å sjå litt tilbake og å reflektera litt over kva Sarepta står for. Det har vorte gjort her på nettsida i eit par artiklar, men det kan vera naturleg å fokusera litt meir på forkynninga. Vi omtalar gjerne Sarepta som ein forkynningsorganisasjon, der hovudsaka er å laga møteplassar mellom Guds ord og folk – og då er det viktig kva som vert forkynt. Det er ved denne Gud gjer si gjerning mellom oss.

Ulike forkynnarar har sine nådegåver og sitt særpreg, og med det vil forkynninga variera noko frå person til person. Slik skal det vera. Det er berre på denne måten alle forkynnargåvene kan vera i funksjon og heile Guds råd og vilje kan verta forkynt. Samstundes skal det vera ein raud tråd gjennom all forkynning. Det skal vera ein forkynningsprofil som ein kan kjenna att. Korleis skal denne vera i Sarepta? Det kan ein gje både eit langt og eit kort svar på, og her kjem ein kortversjon.

Ein må ta omsyn til den tida ein forkynner inn i. På få tiår har denne endra seg radikalt her i landet ved at den konfesjonelle kristendomsundervisninga i skulen er bort, den teologiske og åndelege situasjonen i Den norske kyrkja har vorte katastrofal og kultursituasjonen er kristent sett  oppløysande og flytande. Det krev meir bibelsk substans og meir undervisning i forkynninga enn tidlegare. Det læremessige og kunnskapsmessige må vega tyngre enn før. Sarepta bør difor ha ein undervisningsprofil i mykje av forkynninga, slik at heile Guds råd og vilje vert lært.

Skal ein slik lære- og undervisningsprofil verta rett, må han ha det tyngdepunktet, orienteringspunktet og kraftpunktet som Bibelen gjev han. Dette uttrykker Paulus med orda «Jesus Kristus og han krossfest», fordi Ordet om krossen er Guds kraft til frelse. Det er med andre ord frelsa og det som frelser, som vi alltid må sjå i ein rett forkynningsprofil. I evangelisk luthersk teologi er det sagt at den artikkelen i trua kyrkja står og fell med, er rettferdiggjering ved tru. Rettferdiggjeringa er ikkje berre eit punkt ved sida av andre lærepunkt, men det sentralpunktet som gjev lys til og innsikt i alt anna, og det kraftpunktet som gjev berekraft og åndsmakt til alt anna. Det må ein vera seg medviten i all forkynning. Dette får ein lys over ved openberringa i Bibelen, og berre ved denne.

Skal forkynningsprofilen verta rett, må ein ta syndefallet og mennesket sitt syndeforderv på fullt alvor, som ein må ta på fullt alvor at den treeinige Gud ordna med frelse ved at Faderen la all synd på Jesus og straffa henne i sin vreide på krossen. Det er det som gjer Ordet om krossen til ei Guds kraft til frelse, og det er berre her den krafta finst – og ho har konsekvensar for alle sider ved kristenlivet. Her høver bokmålsordet om at Jesus er vår «stedfortreder» ved straffeliding i vår stad, eller at Jesus er vår mellommann inn for Gud. Det er dette vi omtalar som lov og evangelium.

Forkynningsprofilen må spissast i at det er ved Jesus som mellommann vi kan stå rettferdige for Gud, kan leva eit liv i helging og kan tena Gud i misjon. Forkynningsprofilen må difor vera slik at vi lever dagleg i og i kraft av Ordet om krossen.

Johannes Kleppa

Foto: AdobeStock