Fagteologi og oppbygging

Eg vil tru at alle som les det eg her skriv, er samde om at som kristne treng vi oppbygging. Det er ein del av kristenlivet å verta oppbygd. Ordet «oppbygging» kjem frå bygningsfaget. Det dreier seg om eit hus som vert bygd opp – oppbygd. Kristent sett skjer det ved at Guds tempel på jorda vert bygd ved at nye vert kristne. Då vert den kristne forsamlinga oppbygd. Når den kristne får sjå noko nytt i Guds ord eller får sjå djupar inn i kristne sanningar, og kjem til ny eller djupar erkjenning i kristenlivet, vert den einskilde kristne bygd opp eller oppbygd.

Dette er avgjerande for kristentrua, helgingslivet og tenesta. Denne oppbygginga skjer ved Guds ord, men det skjer ikkje ved ein lukka bibel eller ved å halda seg borte frå den kristne forsamlinga og forkynninga. All oppbygging skjer ved Guds ord – ved å lesa det, ved å høyra det forkynt og ved å lesa det utlagt i kristen litteratur.

Til hjelp i denne samanhengen, særleg for forkynninga, har vi fagteologien – den akademiske teologien ved høgskular og universitet. Det er ikkje alle som ser samanhengen mellom fagteologien og forkynninga, og nokre er helst negativ til fagteologien. Då gløymer ein at alle vi som forkynner Guds ord, nyttar oss av teologisk litteratur. Det gjeld kommentarar, studiebiblar, truslæreframstillingar, etikkbøker og ulike typar teologisk spesiallitteratur – eller vi les oppbyggingslitteratur som på si side byggjer på fagteologi. Den forkynnaren som ikkje gjer det, vil etter ei tid gå att i seg sjølv. Det spelar ein den same forkynningsplata stadig oppatt, utan fornying og utviding i det ein forkynner. Om vi skal nemna eitt namn frå nyare tid her i landet, som mange av oss har henta teologisk hjelp frå, kan vi nemna professor Carl Fr. Wisløff.

Det er ein glidande overgang mellom oppbyggingslitteratur og teologisk faglitteratur. Delar av oppbyggingslitteraturen har så mykje bibelkunnskap og læremessig orientering at han grensar til fagteologi. På andre sida er det ein del av fagteologien som er så oppbyggeleg orientert at ein ikkje berre får kunnskap og teologisk orientering, men at det går direkte på truslivet. Fagteologi kan til tider verta så akademisk at det vert reint teoretisk og åndeleg tørt. Det er ein kunst å skriva fagteologi på ein slik måte at det er til hjelp for den kristne tanken, det kristne livet og sjølve kristentrua. Sunn fagteologi tener kristentrua og forkynninga.

Johannes Kleppa