Skrifta – åleine og ikkje åleine

Eit av hovudprinsippa frå reformasjonen er «Skrifta åleine». Det er eit avgjerande viktig prinsipp, men det er like viktig å forstå kva prinsipp det faktisk er. Det er eit læreprinsipp, ikkje eit individualistisk prinsipp. Det er eit openberringsprinsipp, ikkje eit leseprinsipp. Det er eit prinsipp som seirer kor læra skal hentast frå, ikkje eit prinsipp om kven som skal tolka Skrifta. Det er eit prinsipp som seier at det er berre ei kjelde for sann kristenlære, ikkje eit prinsipp som seier at kvar kristen skal sitja åleine med Skrifta.

Skrifta åleine er det vi kallar eit formalprinsipp eller eit læreprinsipp, fordi det seier kva forma for læra er – nemleg Guds ord slik vi møter det i Bibelen. Det tilsvarande katolske prinsippet er Skrifta og tradisjonen, og i tradisjonen er pavens læreembete det avgjerande for å fastslå kva rett lære er. Det var dette prinsippet Luther og reformasjonen tok oppgjer med og avstand frå. All lære er å finna i Skrifta, og Skrifta avgjer sjølv kva som er rett lære, hevda dei. Ut frå det prinsippet vil kristen lære liggja fast til alle tider, fordi Skrifta endrar seg ikkje.

Ut frå det same prinsippet kan også einkvar kristen finna fram til den sanne læra, fordi alle har tilgang til Skrifta. Dette ligg i det allmenne prestedømet. Ingen treng gå omvegen om paveembetet eller andre embete, for å finna fram til kristen tru og læra. Dette ligg openberra i Skrifta.

Dette er likevel ikkje eit individualistisk prinsipp, der kvar og ein kan avgjera personleg kva kristen tru og lære er. Ei slik forståing av prinsippet om Skrifta åleine, er ei form for postmodernisme. Då avgjera einkvar ut frå det ein sjølv finn rett og naturleg.

Skrifta er ikkje gjeven til einskildpersonar, sjølv om den einskilde kan lesa henne. Skrifta er gjeven til Guds folk samla, til den kristne forsamlinga eller til kyrkja. Skrifta høyrer primært forsamlinga til, og skal lesast og forkynnast der. Til det har Gud sett folk med nådegåver til å læra og forkynna, og det som vært lært og forkynt skal prøvast og dømast av forsamlinga. Slik var det i Berøa, og difor fekk dei kristne der godt vitnemål av Herren. Det er når Skrifta på denne måten står i forholda forsamlinga, og den einskild står i forhold til forkynninga, at prinsippet om Skrifta åleine fungerer rett. Alt anna vert subjektivisme og relativisme.

Johannes Kleppa