Aktivitetshus eller åndeleg hus

I det eg skriv denne ettertanken er eg framleis på Centro Sarepta. Her er det mykje som skjer, og her skapest det grunnlag for mykje ettertanke. Vi har mange ganger sagt og skrive at vi trur vi har fått ein god og nyttig eigedom for Sarepta sitt misjonsarbeid i Spania. Det same seier folk som kjem innom på besøk, og får ei rask omvisning og innføring i arbeidet. Vi trur eigedomen er ei Guds gåve.

Det er alt ein god del aktivitet her, av bygningsmessig karakter, undervisning og andre typar arrangement og tiltak. Slik må det vera på ein eigedom og i eit misjonsarbeid. Det skjer ikkje noko utan ulike former for aktivitet. Poenget er at aktivitet i seg sjølv ikkje skaper noko i Guds rike. Misjon er eit åndeleg arbeid. Aktivitet er ikkje uåndeleg, men det er ikkje nok. Aktiviteten er den ytre ramma, medan Anden, Ordet og bøna er innhaldet.

Centro Sarepta må vera eit aktivitetshus, men er det ikkje meir, er det ikkje ein misjonsstasjon. Det må vera eit åndeleg hus, eit hus der Gud bur med sin Ande. Det vart lagt svært mykje arbeid ned i å byggja templet i Jerusalem. David gjorde eit grundig førearbeid, og Salomo arbeidd i årevis med ein stor arbeidsstyrke for å byggja huset. Aktiviteten var stor, men det var då Gud flytte inn i huset ved å fyll det med ei sky som teikn på sitt nærvær, at det vart eit tempel – ein Guds bustad på jorda.

Det er når Centro Sarepta er fylt med Guds Ande at det er eit åndeleg hus, ein misjonsstasjon og eit sant bibel- og opplæringssenter. Det er eit stort ansvar og ei avgjerande oppgåve for alle som har si teneste her, at senteret er og vert eit slikt åndshus – men det er eit like stort ansvar for oss som har fått leiaroppgåver i Sarepta, og for alle venner av dette arbeidet.

Det er ved Ordet og bøna at eit hus ikkje berre er eit aktivitetshus, men også eit åndeleg hus – ein bustad for Gud og ein stad for Herrens gjerning.

Johannes Kleppa