I møte med ein sekulær levemåte

Eg har liggjande ei bok av Timothy Keller, «¿Gud? – Kristen tro i møter med moderne skepsis». Diverre har eg enda ikkje fått tid til å lesa boka, men Keller har etablert seg som ein sentral apologetisk forfattar. I eit større intervju i Dagen 24/8 presenterer Lars Dahle, førsteamanuensis ved NLA, Keller og hans apologetiske engasjement. Dahle meiner Keller kombinerer «klar forankring i en teologisk konservativ evangelisk tradisjon med oppriktig interesse for innvendinger samtidens mennesker har mot kristen tro». Det som i stor grad karakteriserer folk i Vesten, er at dei er sekulære skeptikarar.

Eg skal ikkje her gå inn på ei vurdering av Keller og hans teologi. Eg har inntrykk av at han har mykje å bidra med, sjølv om nokre har innvendingar mot hans posisjon. Poenget her er å løfta fram den posisjonen sekulære livssyn og sekulære levemåtar har fått. Det er ei stor utfordring for kristne, og for kristent misjonsarbeid og kristen forkynning i vår vestlege verden.

«I vårt land er dette overførbart særlig på to arenaer: høyere utdanning, som er gjennomsekularisert, og i mediene. Gud er skrevet ut av manus, både i akademia og i nyhets- og underholdningsmediene», meiner Lars Dahle. Det har han utvilsomt rett i, og det er ei stor utfordring kristent sett, både med tanke på det personlege planet, misjonsarbeidet og samfunnet.

Det vil føra for langt å drøfta her korleis ein frå kristent hald kan og bør møta denne utfordringa. Vi får avgrensa oss til å peika på problemet, som vi frå lekmannshald har gått alt for lite inn i. Det har gjort at vi har overlete oss sjølve og dei oppveksande slektene til ei massiv sekulær påverknad utan at vi er skikkeleg klar over det, og utan at vi set inn ein skikkeleg offensiv overfor denne påverknaden.

Alle lever vi i ein mediekultur, og denne er i all hovudsak av sekulær karakter – med unnatak av nokre få kristne media, som kristne i alt for liten grad nyttar seg av. Dette gjer at vi i stor grad tenkjer i lys av det sekulære media formidlar til oss, og med det får vi lett ein sekulær tenkje- og levemåte.

Ein svært stor del av dagens ungdom tek høgare utdanning, og denne er generelt gjennomsekularisert – med unnatak av nokre få kristne høgskular, som det for øvrig er ei stor utfordring å driva med tydeleg kristen og bibeltru profil. Studentane vert med det prega av ei sekulær tenking, og pregar i neste omgang andre med same tenkinga.

Det er ei stor utfordring frå kristent hald å gje ballast til å møta dei sekulære livssyna med, slik at desse ikkje får prega folks tankegang og livsførsel – inkludert kristne.

Johannes Kleppa