Den einaste som ikkje visst

Etter si oppstode slo Jesus seg saman med to karar som var på veg til Emmaus, og som gjekk og snakka om det som hadde skjedd i Jerusalem i påskehøgtida. Dei var særleg opptekne med at Jesus hadde døydd på krossen og vorte gravlagd, men at nokre kvinner meinte Jesu grav var tom og at englar hadde sagt at han levde.

Då Jesus let som han er ukjent med dette, utbryt den eine: «Er du den einaste av dei som held til i Jerusalem, som ikkje veit kva som har hendt der desse dagane?» (Lk 24, 18) Bibelen gjer eit poeng av at det som skjedde med Jesus i påskehelga, var ei offentleg sak som alle kjente til. I sin forsvarstale for kong Agrippa hevdar Paulus at alt må vera kjent også for kongen, for «det har då ikkje hendt i ein avkrok»! (Apg 26, 26).

Jerusalem var ein sentral, men liten by. Byens omfang var omtrent som det som i dag er innafor bymurane. Eg har vore på joggetur der, og ein kan greitt spring rundt heile byen på ein halv time. Sjølv om byen ved påskehøgtida strekt seg over Kedrondalen til Oljeberget, var det svært oversiktleg det som skjedd der, og jungeltelegrafen var svært effektiv på eit så avgrensa område med mykje folk.

Dersom historia om Jesus berre var fantasi og lause rykte, ville det altså vore uhyre enkelt å få alt avslørt som humbug og få alt avkrefta. Det skjedde ikkje. Folk visst det heile var sant. Det kunne heile byen stadfesta – inkludert kongen.

Seinare har den historiske sanninga om Jesus vorte forkynt for stadig fleire. Her i landet var det lenge slik at folk flest ville ha reagert som Emmaus-vandrarane, om det var nokon som ikkje kjente denne historia. No er det annleis. Det er mange som ikkje kjenner påskefortellinga, og enda fleire som ikkje har sett frelsa i det som skjedd den påskehelga i Jerusalam.

Tidlegare var også påskehelga ei tid rik på mykje forkynning. Vi har faktisk fått alle helgedagane i påskehøgtida for at det skulle kunna haldast påskegudstenester og andre samlingar om Guds ord over heile landet. Dei seinare åra har det diverre minka med møteverksemd og søking til Guds hus i påshelga. Då minkar påskekunnskapen.

Det synest, heldigvis, som at det dei alle siste åra har vore ei ny vakning for å ha påskemøte og samlast om Guds ord i denne avgjerande viktige kristne høgtida. For min del deltek eg på påskemøte saman med Kjell Dahlene på Salem, Sola. Det er ei god oppleving, og på Skjærtorsdag, som var første møtedagen, var det godt med folk. Det er å vona at mange prioriterer å samlast om påskebodskapen, sjølve hjarteslaget i kristentrua.

Johannes Kleppa