Centro Sarepta – eit åndeleg pionerprosjekt

Tankane har i lengre tid svive nokså mykje om Centro Sarepta, og gjer det framleis. Det har vore ein spennande prosess fram til kjøpet var heilt i boks, og dagleg leiar hadde nøkkelen i handa si. Når tankane framleis sviv mykje om dette senteret, og skaper ettertankar, har det fleire grunnar. Det eine er sjølvsagt om vi vil lukkast med å få folk hit. Det er vi avhengig av reint økonomisk, men vi er sjølvsagt avhengig av det også for at senteret skal få fungera som eit misjonssenter. Eg trur dette vil gå bra, både med tanke på spanske og norske deltakarar på ulike typar kurs og arrangement.

Det andre som gjer at tankane sviv mykje om Centro Sarepta, er at det går stadig meir opp for meg at dette er eit åndeleg pionerprosjekt. Denne kombinasjonen av misjonsstasjon, bibel- og opplæringssenter både for spansktalande og nordisktalande og der ein kan kombinera ferie med forkynning, må vera nokså eineståande. Desse elementa finn ein mange stader kvar for seg, men den kombinasjonen vi her legg opp til, trur eg ein skal leita lenge etter. Det finst i alle fall ikkje noko tilsvarande frå norsk side i Spania. Det er difor i alle fall eit pionerprosjekt med tanke på norsk misjon i Sør-Europa og over til Nord-Afrika. Det vert også spennande å sjå om vi her kan få til ein kombinasjon av forkynning og diakonalt arbeid.

Den kombinasjonen vi her legg opp til, har fleire dimensjonar ved seg. Ved at det delar av året vert arrangert bibel- og feriedagar, får vi vi inntekter som kan vera med og finansiera senteret, og med det indirekte delar av det øvrige som skal skje her. Opplegget desse dagane er dessutan misjon i seg sjølv, ved at Guds ord vert forkynt praktisk talt kvar dag gjennom heile året, og bøner vert bedne.

Hovudfokuset er på å nå spansktalande med Guds ord, men ved at vi også har bibelkurs på norsk, vil vi ved det få støttespelarar for misjonsarbeidet inn i Spania og Nord-Afrika. Samstundes ved at vi får gje bibelopplæring til nordmenn, og til folk frå resten av Norden, dannar vi med det eit økonomisk og åndeleg fundament for det øvrige arbeidet.

Ved at vi har bibelopplæring og forkynning på norsk, kan vi også nå den norske folkesetnaden i området med evangeliet. Det er i seg sjølv ei stor misjonsmark, fordi her bur fast like mykje folk som i ein liten norsk by.

Det er mange utfordringar og mykje spennande knytt til Centro Sarepta. Hovudsaka vert at vi får gå i dei gjerningane Herren har lagt ferdige for senteret og arbeidet der.

Johannes Kleppa