Vekking og nattverd

I det eg skriv dette, er eg nett komen heim frå ei gledeleg veke i Spania. Vi hadde styremøte i Misjon Sarepta, og vi drøfta mange spørsmålet som gjeld arbeidet. Medan eg var der, fekk vi gladmeldinga om at stiftinga som vi skal kjøpa Centro Sarepta inn i og driva ut frå, var godkjent. Det er økonomisk sett ein stor fordel framfor andre eigar- og driftsformer. Om det ikkje no skjer noko heilt uføresett, skulle det vera ein kort og bein vegen fram til vi har nøkkelen i handa.

Vi vonar dette skal vera ein plass der folk kjem til tru på Jesus og vert frelste, og ein stad der kristne veks i trua og vert utrusta til teneste. Vi vonar det også skal verta eit utgangspunkt for forkynning mange stader rundt om i Spania. Vi tenkjer nok helst at det vert stangfiske der vi må sjå stort på den einskilde. Men kan vi også våga å tru at det skal verta eit senter for vekking i Spania, at Centro Sarepta både vert ein vekkings- og opplæringsbase?

Vi tenkjer i alle fall slik at skal det skje omvending og atterføding, må det skje ved forkynninga av Guds ord. Sidan Spania nominelt er eit katolsk land, møter vi eit døypt folk. Etter evangelisk luthersk lære er dåp i den treeinige Guds namn eit atterfødingsmiddel, og det same er forkynninga av evangeliet om Jesu frelsesverk. Nattverden er også eit nådemiddel, men ikkje eit atterfødingsmiddel. Det er eit nådemiddel for Guds folk, med tanke på syndstilgjeving og åndssamfunn.

I Spania las eg også eit intervju i Dagen (15/3) med den påtroppande biskopen i Stavanger, Ivar Braut. Han var titulert «Vekkelsesbiskopen». Det undra meg, sidan han ikkje vil seia at homofilt samliv er synd, sjølv om han meiner ekteskapet er mellom mann og kvinne. Samstundes seier han at «gudstjeneste og nattverd er kirkens vekkelsesbevegelse». Det er ei underleg utsegn. Gudstenesta er tradisjonelt forstått som ei samling primært for Guds folk, men her bør også forkynnast til omvending til ufrelste.

Det er underleg at ein luthersk biskop omtalar nattverden som ein «vekkelsesbevegelse» – altså eit vekkingsmiddel, men det har dei siste tiåra vore ei dreining i den retninga. Rett nok kan nattverdbordet vera ein stad der nyfrelste ope og offentleg avlegg si kristne vedkjenning for første gong, men det er ikkje noko atterfødingsmiddel. Ein bør difor unngå å omtala nattverden som om ein vert frelst ved å gå til nattverd. Nattverdbordet er for dei som er frelste, og som treng det nattverden gjev – og der dei samstundes avlegg si kristne vedkjenning.

I vår norske samfunns- og kyrkjesituasjon, der folk flest er døypte, må det vera forkynninga som er vekkingsmidlet – nøyaktig som i Spania!

Johannes Kleppa