Meir Jesus-sentrert forkynning

I Agenda 316 og Vårt Land (28/2) har forfattar og prest Eyvind Skeie tankevekkande synspunkt på forkynninga, og hovudkritikken hans er: «Det er påfallende mye forkynnelse i offentlige medier hvor Jesu navn knapt nevnes, og hvis det nevnes, er det som oftest bare enkelte sider ved Jesus som løftes frem.» Han meiner det er svært sjeldan at det aller mest sentrale ved Jesu person og gjerning vert forkynt, slik som at han «led, døde og stod opp for vår skyld og til vår frelse».

Skeie vil ha ei meir djerv forkynning, og inkluderer seg sjølv i det. Det bør nokon kvar av oss som forkynner Guds ord, gjera til vårt motto, ut frå fylgjande program: «Vi må finne en riktig måte å forkynne om Jesus på, den Jesus som døde og oppstod for vår skyld».

Eg trur Skeie har rett når han seier at «den sentrale forkynnelsen knyttet til kors, soning, død og oppstandelse ikke lyder like sterkt som før». For å konstatera det treng ein ikkje gå til NRK-andakten eller anna forkynning i media, vi kan gå inn i både kyrkje og bedehus og finna det same. Eg vil tru at denne typen forkynning i dag står sterkast på bedehuset og i frikyrkjer av ulike slag. Det kan likevel ikkje vera tvil om at det er svekka også her, til fordel for ei meir praktisk, livsnær og tenesteorientert forkynning. Det som då vert forkynt, treng i og for seg ikkje vera galt, men det får ikkje den rette orienteringa, og åndskrafta i det vert borte. Forkynninga kan då vera utfordrande, men ho tilfører ikkje åndskraft til å gjera det som vert forkynt.

Poenget er ikkje at Jesu namn vert nemnt så mange gonger som mogleg, sjølv om namnet må nemnast for at bodskapen knytt til Jesu person og gjerning skal koma fram. Hovudsaka er at det vert gjort klart kven Jesus er, for berre på den måten lærer ein den sanne Gud å kjenna, og då må Jesu gjerning i sitt forsoningsverk forkynnast klart og med tyngde.  Det er ei stor utfordring og eit høgt kall!

Johannes Kleppa