Synda og teologien

Dei siste åra har det oppstått debatt om mange teologiske spørsmål, og det er fremja ubibelsk lære på fleire sentrale punkt. Det gjeld bibelsynet, gjeld forståinga av ekteskapet og forholdet mellom mann og kvinne, det gjeld forholdet mellom loven og evangeliet, det gjeld læra om fortapinga og det gjeld læra om forsoninga. Det er nokså ulike lærepunkt, men alle er sentrale i kristen tru, og alle har med forståinga og vektlegginga av synd å gjera.

Når synda og syndefordervet ikkje får stå fram i sin radikalitet, får mennesket ein posisjon det ikkje skal ha. Då set ein sin liten til fornufta og løftar seg sjølv over Skrifta. Guds ord vert då ikkje den kjelda for lære og den rettesnora for livet, som det skal vera. Då vil ein enda opp i lære og etikk som svarar til det ein finn naturleg, og det er ofte det som er gjengs i tida.

Når ein opnar for fornufta og livserfaringa i tolkinga av Skrifta, får Skrifta ikkje gjera si gjerning som lov. Då vil ein i etikken enda opp i det som mennesket finn naturleg, og for tida er det at samliv og ekteskap ikkje er avgrensa til eit forhold mellom ei kvinne og ein mann. Ut frå ei slik lære må ein hevda at homofilt samliv ikkje er synd, og då er ikkje vegen lang til å anerkjenna likekjønna «ekteskap». Då må ein også hevda at evangeliet kan forkynnast rett, sjølv om ein anerkjenner homofilt samliv og likekjønna «ekteskap» – trass i at Guds ord seier det motsette.

Problemet er at den svake forståinga av synd, ikkje berre gjeld enkeltsynder eller syndige handlingar, slik som ved samlivsspørsmål, men at det gjeld sjølve syndefordervet, den menneskelege naturen etter syndefallet. Då tek ein ikkje arvesynda og arveskulda på skikkeleg alvor, og med det kjem ein heller ikkje til rette med spørsmålet om fortapinga og Jesu frelsesverk.

Det store spørsmålet er djupast sett ikkje om det finst ei fortaping og om mennesket ut frå seg sjølv er fortapt. Det er ein realitet ut frå syndefallet. Det store spørsmålet er om mennesket trass i sitt syndeforderv kan verta frelst, og det store svaret på det ligg i Jesu soningsdød. Når spørsmålet om synda vert nedtont, vert den menneskeleg erkjenning overvurdert. Då kan ein koma ut både med ei lære om fortapinga som ikkje svarar til syndefallets realitetar, og med ei lære om Jesu død om ikkje får med seg kva det innebar for Jesus å gjera opp for alt som ligg i og fylgjer av syndefallet.

Johannes Kleppa