Fortapinga – kjensler og tankar

Spørsmålet om fortapinga er på mange måtar vanskeleg – ikkje fordi Bibelen er uklar på dette området, men fordi vi ikkje likar tanken på fortapinga og vi får kjenslemessige reaksjonar mot at nokon skal gå fortapt.

Det er udiskutabelt at Bibelen lærer at det er ei fortaping. Denne er i utgangspunktet for djevelen og englane hans, men ho vert også for alle menneske som ikkje er frelste ved tru på Jesus Kristus (Mat 25.41). Det er Gud sjølv som kastar i fortapinga, og difor skal vi frykta han (Mat 10.28). Då Jesus kjem att til dom, vil djevelen og hans tenarar, synda og død, og til sist dei som ikkje har namna sine skrivne i livets bok, verta kasta i fortapinga (Op 20).

Tanken om fortapinga opplevest opprørande. Og vi skulle ønskja det var sant at alle vert frelste til slutt. «Mye ville blitt enklere da», som ein skreiv, som forsvarar Bibelens lære om fortapinga. Eg har sjølv sagt tilsvarande ting mange gonger, og det er frå ei side sett rett. Det er eit rett ønskje at alle skal verta frelste, og difor må vi driva eit så intenst misjonsarbeid som berre råd.

Samstundes er det slik at det er den heilage, rettferdige, kjærlege og omsorgsfull Gud som i sitt ord har openberra for oss at det er ei fortaping, og at det er han som kastar i denne. Vi likar ikkje det Gud då gjer, men kva rett har vi til å omtala det Gud gjer, som noko vi helst skulle sett ugjort? Sjølv om Gud i Skrifta har openberra seg og sine handlingar til dom og frelse, har han ikkje openberra alt om seg og sine handlingar. Vi har difor ikkje innsikt i alt, og kan med det ikkje alltid døma rett om kva som er rett og godt i eit overordna og evig perspektiv.

Kva ville resultatet vorte om det ikkje hadde vore ei fortaping, og om Gud ikkje hadde kaste ugudelege dit? Kva ville vore konsekvensane av synd, vondskap og djevelskap då? Denne typen spørsmål er det vanskeleg å svara sikkert på, truleg umogleg. Når Gud har vald å gjera som han har openberra i Skrifta, får vi i vår mangel på visdom, oversikt og integritet lita på at Gud veit kva han gjer, og at det i det totale og evige perspektiv er det rette og beste. Vi skal vera varsame med å gje uttrykk for ønskje som er i strid med Guds handlemåte openberra i Skrifta, same kor velmeinande slike ønskje måtte vera.

Johannes Kleppa