Gud gav

Det står mange stader i Bibelen at «Gud gav». Vi tenkjer lett at når Gud gir noko, er det berre slikt vi opplever godt, men det samsvarar ikkje med Guds ord. Rett nok er Gud heilt og fullt god, slik at alt han gjev i siste instans tener til det som er godt. Det Gud gjev, er like fullt svært ulike ting.

Daniel byrjar boka si med å opplysa at «Herren gav Juda-kongen Jojakim» i Nebukadnesar si hand. Han var konge i Babel, altså ein heidensk konge. Dette var straff for at Israel ikkje hadde halde seg til pakta med Herren, og det førte Israel inn i eksilet i Babylon, der alle Herrens lovnader syntes å vera sette ut av kraft. Tilsvarande heiter det i Rom 1 at når folk og nasjonar vender seg bort frå Gud, gjev Herren dei over til sine eigne synder. Også det er uttrykk for Guds straff og vreide her i tida, som det var for Israel i si tid. Samstundes som målet er å tukta til Kristus.

Herren kan også gje liding og vonde ting inn i våre liv, for å lutra oss og læra oss Gud rett å kjenna, slik han gjorde med Job. Det kommenterte Job med å seia at vi skal ta imot både det gode og vonde som Herren gjev, og ved den utsegna synda ikkje Job med leppene sine, vert det sagt.

Blant dei første som vart førte bort til Babylon, var Daniel om dei tre venene hans. Dei skulle få den høgste utdanninga som det kaldeiske riket kunne gje, ved at dei skulle studera ved kongens hoff. I tillegg til den heidenske kunnskapen og visdommen dei fekk innføring i der, heiter det at «Gud gav desse fire gutane kunnskap og vit på allslags skrift og visdom». Dette var openberring. Ved at dei brukte kunnskapen frå kongens bord saman med og i lys av den openberringa Herren gav, vart dei ti gonger visare enn alle andre vismenn. Dette lærer oss at allmenn kunnskap er viktig og nødvending, men denne fungerer best og rett når vi brukar han i lyset frå openberring i Bibelen

I det verset vi kallar den vesle Bibelen, fordi det inneheld sjølve kjernen i Guds ord, seiest det at Gud elska oss på den måten at «han gav Son sin, den einborne» for verda, og det var for at vi ikkje skulle gå fortapte, men verta frelste. Dette er sjølve evangeliets gåve.

Gud har gjev oss sitt ord, slik at han ved det skal få visa oss kva han har gjeve oss i Kristus, slik at han skal sleppa å gje oss over til våre synder og den evige dommen. Alt anna Guds gjev, må vi sjå i det lyset.

Johannes Kleppa