Dei mange bygder med lite forkynning

Eg er for tida på tur saman med kona og ei campingvogn rundt om i delar av Troms og Finnmark. Det er ei opplevingsreise med tanke på naturen, og det å møta folk. Det har vore stor endring i folkesetnaden i desse fylka den siste generasjonen, særleg i Finnmark. Dei stor sentra har vakse, medan mange mindre bygder er fråflytta. Der ein nesten kunne tru det var uråd å bu før vegen kom, klarte dei seg med ein kombinasjon av jordbruk og fiske i enkle kår. Det er ikkje lengre ein livsstil som er mogleg.

Sjølv om det rundt om er mange hus som har vorte til sommarhus og hytter, er det framleis også mange små bygdesamfunn med «lys i husan». Det er til ettertanke når vi kjører gjennom den eine bygda etter den andre, at vi veit at her er lite eller ikkje forkynning av Guds ord. Dei fleste stadene er det få eller ingen som vedkjenner Jesu namn, og dei få som gjer det, får lite mat for sitt åndelege liv. På mange av dei større stadene er det også få møtepunkt mellom folket og Ordet.

Rett nok er det ein del fleire kristne enn ein vanleg bedehusmann oppdagar, om ein inviterer til møte, fordi det er ein flokk læstadianarar. Dei går i liten grad på misjonsmøter på bedehusene. Dei held seg stort sett til sine eigne samlingar – og dit går ikkje misjonsfolket. I seinare år har det nok vore ei viss opning, slik at det ikkje er heilt vasstette skott. Det ser ein til dømes ved at unge frå læstadianske samanhengar søkjer til Fjellheim Bibelskole. Læstadianarane er også færre enn før, og i ein god del bygde har deira samlingar opphøyrt. Det er bra om dei glørne som er rundt om kring, kan rakast saman så godt som råd.

Når ein kjører rundt om, ser ein altså trongen for forkynning, men skal det skje forkynning, må det vera nokon som vert sende ut med Ordet. Det er eit kall til Sarepta, som det er eit kall til andre arbeidslag i Guds rike. Må Herren driva ut arbeidarar, og må Herren gje eit folk som vi senda – i nord, som elles i landet.

Johannes Kleppa