Bibelen som openberring

Når det gjeld Bibelen og bibelsyn, er det mange sider ved det. Eit av dei heilt overordna momenta er at Bibelen er openberring. Det inneber at Bibelen formidlar kunnskap som i utgangspunktet ikkje finst her på jorda, eller som mennesket av seg sjølv ikkje er i stand til å finna fram til. Det er ein kunnskap som berre Gud i himmelen har, og som han må formidla til oss her på jorda frå sin himmel. Det er det som skjer ved openberring, og Guds ord i Bibelen er slik openberring – og det er berre i Bibelen vi finn denne typen kunnskap.

Gud har kunnskap om alt frå a til å, frå verda vart skapt til dommens dag – ja, få æve til æve. Det er ikkje noko som er skjult eller ukjent for han. Dessutan er Gud evig i sin person, slik at all kunnskap alltid finst i han. For han eksisterer ikkje tid, men han er evig notid. Det inneber at Gud kan formidla sin kunnskap uavhengig av tid og uavhengig av tidspunktet for hendingane. Openberringa kan skje når som helst, og på den måten Gud vil. Dette ser vi tydeleg gjennom alle bøkene i GT og NT, som har vorte til over eit langt tidsrom, og der noko av openberringa har skjedd lenge etter hendinga og av folk som ikkje hadde noko med hendinga å gjera, eller på tilsvarande vis lenge før hendinga. Dette er openberringa av skapinga og livet på en nye jorda dei fremste døma på.

I NT finn vi nokre opplysningar om hendingar i Israels historie som vi ikkje finn i GT. Det er opplyst at Abraham trudde Gud var mektig til å vekkja Isak opp frå dei døde (Hebr. 11,19), utan at det er fortalt i 1Mos 22. Det er sagt at lova vart gjeven ved englar (Gal 3,19), utan at englar er omtalte på Sinai. Det er fortalt at Jannes og Jambres stod Moses imot (2Tim 3,8), utan at vi kjenner desse personane frå GT. Vi kan likevel lita på at dei tilleggsopplysningane NT gjev i høve til GT, stemmer, fordi det dreier seg om openberring frå den same Gud. Tilsvarande er det også når NT siterer GT for oss på ein noko underleg måte. Det er openberring der Gud siterer seg sjølv på ein slik at måte at han får fram hovudpoenget i den aktuelle samanhengen.

Det fremste dømet på frelsesopenberring er at alt som gjeld Jesu liv, liding, død, oppstode og himmelfart, var for oss, i vår stad. Det er ein kunnskap som vi er heilt avhengige av til frelse, men som vi er totalt ute av stand til å finna fram til på eiga hand. Til frelse er vi difor heilt avhengige av openberring, og med det av Ordet og forkynninga.

Johannes Kleppa