På misjonshotell og fjellvandringsleir

Denne veka har eg vore på fjellvandringsleir, arrangert av indremisjonen. Det har eg vore mange gonger, og kombinasjonen av forkynning av Guds ord og fjellvandring er ei god ferieform. Fjellvandringsleir kan vera for folk i alle aldrar og ut frå ulike fysiske føresetnader.

Denne gongen har Innvik Fjordhotell, Misjonsheimen vore base for leiren. Det kan jo verka noko malplassert å ha ein fjellvandringsleir på eit hotell som ligg i strandsteinane, men i Nordfjord er det kort veg til mange høge fjell – og vi ha vore på nokre av dei. I Innvik er det lite kristenfolk, og det er ikkje noko bedehus. Misjonsheimen vert med det eit åndeleg tyngdepunkt i bygda. Her er det ein god del kristne arrangement, og heimen er også ordinært hotell.

Eg vil gjerne slå eit slag for misjonshotella. Dei er samlingsstader for Guds folk, og dei er kontaktpunkt inn i folket. Ved at misjonshotella er alkoholfrie alternativ, har dei også slik sett ein viktig funksjon. Samstundes er det slik at det er økonomisk vanskeleg å driva alkoholfrie alternativ, og med det trengst det at misjonsfolket støttar misjonshotella, både ved å bruka dei og ved å gjera dugnadsinnsats og på anna vis bidra.

Diverre er det slik at det har vorte færre slike kristne kontaktpunkt i folk, eller arbeidsgreiner som gjev folk ein første kontakt med kristne og kristent arbeid. Det er no få kristne hotell, kafear og bokhandelar. Heldigvis har vi fått nokre nye kontaktpunkt ved nærradioar, nærmiljøsentralar og gjenbruksbutikkar. Kristne barnehagar og skular har noko av den samen funksjonen. Eg vonar Centro Sarepta også skal få ein funksjon som kontaktpunkt i Spania – når vi får det på plass, både for spanjolar og nordmenn.

På fjellvandringsleiren har vi i år konsentrert oss om kva Bibelen seier om englane. Sjølv om vi har brukt seks bibeltimar på det, kunne mykje meir vore sagt. Englane har i Bibelen ein langt meir sentral plass enn vi trur – og hovudoppgåva er å vera tenande ånder for frelsa og Guds folk. Det kan vera eit interessant og lærerikt bibelstudium å gå gjennom alle tilvisingane ein finn i ei bibelord om englar!

Johannes Kleppa