Konvertering til og frå Den katolske kyrkja

Her i landet høyer vi rett som det er om folk som konverterer til Den katolske kyrkja (Dkk), og då oftast frå Den norske kyrkja (Dnk). Det gjeld både kjende kulturpersonlegdomar og markante prestar. I andre land skjer gjerne konverteringa andre vegen, frå Dkk til ulike evangeliske kyrkjer.  For Sarepta sin del vil det siste vera aktuelt med tanke på arbeidet i Spania. No er ikkje kyrkjemedlemskap den viktigaste saka, men det er samstundes naturleg å ha sitt medlemskap der hjarta har si tru og si lære.

Det kom nokså overraskande at Dag Øivind Østereng går til Dkk. At han sluttar som prest i Dnk og finn seg ein annan kyrkeleg samanheng, er nokså naturleg ut frå hans sterke engasjement mot det vedtaket Kyrkjemøtet har gjort i vigselssaka. Dei fleste av oss rekna vel med at han var så fundert i evangelisk luthersk kristendomsforståing at han ville finna seg ein annan luthersk samanheng.

Østereng fortener takk og honnør for den kampen han har ført i vigselssaka. Rett nok er det slik at eg til tider har undra meg over den voldsomme vekta han har lagt på biskopens tilsyn og andre kyrkjelege og kyrkjerettslege spørsmål i sin argumentasjon. Dette har uroa meg ein del, men eg har lete vera å kommentera det offentleg. Vekta i argumentasjonen mot vigsle av likekjønna par og den omdefineringa av ekteskapet som er føresetnaden for det, har vore meir kyrkjemessig basert enn ut frå evangeliet, rettferdiggjeringa og frelsa. Eg har tenkt at det var Østereng sitt høgkyrkjelege syn som skapte dette engasjementet med tanke på vidare teneste i Dnk, men no forstår eg at dei tendensane eg her har sett til katolske tenking, faktisk har sin grunn i at han seier han er og har vore grunnleggande katolsk i kyrkjetenkinga si.

Det er påfallande og tankevekkande at konvertering til Dkk ikkje vert grunngjeve med evangeliet og rettferdiggjeringa, men med kyrkjesynet og tydeleg tale i fundamentale etiske spørsmål. Konvertering andre vegen grunnar seg i langt mindre grad på kyrkjesynet, og i langt sterkare grad på forståinga av evangeliet og frelsesspørsmålet.

Johannes Kleppa