Kva er det klassiske ekteskapet?

«Det klassiske ekteskapet, altså det livslange ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne, tåler ikkje noko anna «ekteskap» ved sida av seg.»

I samband med debatten av «vigsel» av likekjønna par har ekteskapet mellom mann og kvinne vorte omtalt som det klassiske ekteskapet – eller som det historiske eller tradisjonelle ekteskapet. Då tenkjer ein på ekteskapet slik det opp gjennom historia har vore i omtrent alle kulturar. Slik sett har ekteskapet langt på veg vore det same uavhengig av religion og tru, kultur og samfunn. Denne realiteten er kristent sett uttrykk for at ekteskapet er ei skaparordning som Gud har lagt ned i naturen. Det er del av den lovas gjerning som Gud har lagt ned i menneskehjarta, og som han styrer menneskelivet ved (Rom 2.14f). Dette vert ofte ut frå den naturlege openberringa omtalt som naturlova eller som naturretten, særleg i katolsk samanheng.

Ekteskapet er altså ikkje ei spesiell kristen ordning ut frå Kristus og openberringa i Bibelen, men det er ei guddommeleg ordning ut frå Gud som Skaparen. Ekteskapet høyrer med det til på skaparplanet og gjeld likt for alle menneske, ikkje på frelsesplanet berre for dei trur på Jesus. Like fullt er ekteskapet tydeleg omtalt og definert i Bibelen. Jesus grip i si undervisning om ekteskapet tilbake til det som skjedde ved skapinga av mennesket i sitt bilete som mann og kvinne, og der Gud førte Eva og Adam saman for at dei skulle vera eitt kjøt (Mark 10,1ff).

Ekteskapet er altså kristent først og fremst fordi det stammar frå Gud og er del av skapinga. Samstundes gjev Guds ord ekteskapet eit spesifikt kristent preg ved at Jesus forklarer korleis det heile er tenkt, og ved at apostelen Paulus seier vi skal vinna oss vår ektemake i herlegdom og ære (1 Tess.4,3-5), og at giftarmålet skal skje i Herren (1 Kor 7,1ff). Kva ekteskapet er og korleis det skal fungera, er altså tydelegare utmeisla ved openberringa i Bibelen enn det er i det allmenne – men det dreier seg om same ekteskapet.

Det som er viktig å få fram i dagens aktuelle situasjon der det vert argumentert for og med at ekteskapet er kjønnslikeglyldig, og  i samfunnets lovgjeving og kyrkja sin vigselsordning vert handla ut frå det, er at det heterofile ekteskapet er eksklusivt. Det klassiske ekteskapet, altså det livslange ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne, tåler ikkje noko anna «ekteskap» ved sida av seg. Dersom ein gjev rom for likekjønna og ulikekjønna «ekteskap» på sida av kvarandre, har ein ikkje teke vare på det klassiske ekteskapet. Då har ein devaluert dette til ei samlivsform på line med andre samlivsfomer. Det er det som no har skjedd både i det norske samfunnet og i Den norske kyrkja – med alvorlege negative konsekvensar over tid.

Johannes Kleppa