Islamkritikk, islamhat og å elska muslimar

«Islamhat i tydinga hat som er retta mot muslimar, må difor vera bannlyst i kristne samanhengar. Vi er kalla til å elska alle menneske, også muslimar, og vinna dei for Kristus og frelsa.»

Islam var for ikkje mange tiåra sidan nesten ei ukjent sak i Noreg. Vi kjende muhammedanismen frå historiebøkene og frå omtale frå misjonsmarka. Gjennom innvandring og den nye globale situasjonen har vi den siste generasjonen fått islam tett inn på oss. Det har gjort mange usikre, og det har ført til mykje debatt om islam. Det gjeld islams posisjon i vårt eige land, islamittisk terror og det å vinna muslimar for Kristus.

Det er to sider ved islam og islamkritikk. Det eine gjeld islam som politisk ideologi, som har store konsekvensar for samfunnet, og med det må vurderast i lys av det verdslege regimentet. Det andre er islam som religion, og der det gjeld at muslimar vert kristne. Dette høyrer det åndelege regimentet til, og det er her Sarepta har sin plass. Ved at Sarepta også ønskjer å nå muslimar i Spania og i Nord-Afrika, vert spørsmålet om islam og islamkritikk aktuelt for oss. Sidan det ideologiske, politiske og religiøse går saman i islam, kan ein ikkje heilt skilja det eine frå det andre, men ein kan ha ulike innfallsvinklar til islam og muslimar.

I Dagen 31. mars hadde Stig Magne Heitmann, fagleg leiar i Åpne Dører, ein interessant og lærerik artikkel med tittelen «Elske muslimer, kritisere islam». Det kan stå som ei programerklæring! Heitmann påpeikar at «hat kjennetegner islams historie og kultur», og at mange muslimar som kjem til tru på Jesus, fortel at dei i moskeane og i kulturen vert opplærte til å hata og diskriminera kristne. Då er det lett for kristne å betala attende med same mynten. Det vil i så fall vera i strid med Guds ord og Jesus befaling om at vi skal elska dei som hatar oss. Islamhat i tydinga hat som er retta mot muslimar, må difor vera bannlyst i kristne samanhengar. Vi er kalla til å elska alle menneske, også muslimar, og vinna dei for Kristus og frelsa.

Islamkritikk som avslører kva islam ber i seg for folk og samfunn, og at det er avgudsdyrking som fører til fortaping, er derimot ei rett og viktig sak. Poenget og problemet er å gjera det med eit sinnelag prega av Guds kjærleik, openberra i Jesu soningsdød for våre synder.

Johannes Kleppa