Flyktningestraum og rikdom

Det er mange element knytt til innvandrarspørsmål og den flyktningestraumen inn i Europa vi opplever no. Det meste av dette er spørsmål som er regulert av fornufta innan det verdslege regimentet, men det er også nokre moment vi på ein særleg måte må leggja vekt på i kristen tenking når vi vurderer situasjonen.

Det første er at alle menneske er skapte i Guds bilete og er inneslutta i Guds forsoningsverk i Kristus. Ut frå det må vi omtala og behandla alle menneske. Dette er heilt uavhengig av om dei er kristne eller kva religion dei måtte tilhøyra. Flyktingar av alle slag skal behandlast ut frå det. Mange er dessutan kristne og tilfører kristne forsamlingar åndskraft, medan andre er misjonsmark som kjem til oss.

Det andre er at Bibelen gjev særlege formaningar når det gjeld korleis ein skal behandla framande og flyktningar. Israel får beskjed om å ta seg godt av innflyttarar, ut frå at dei sjølve ein gong var innflyttarar i Egypt. Kven som treng hjelp av andre folk kan variera, og grunnen til denne trongen vil også variera. Det er ikkje meir vel 70 år sidan nordmenn trong eit land å flykta til og verta motteken i.

Det tredje, og kanskje mest aktuelle og påtrengande, er Bibelens tale om at vi skal bruka våre pengar til å hjelpa andre. Den som har gods i denne verda, men likevel ikkje hjelper nesten sin som er i naud, korleis kan Guds kjærleik vera i han, spør kjærleikens apostel (1 Joh 3,17). Vi lever på toppen av den økonomiske kransekaka, medan flyktningar flest lever av smular frå den same kaka. Då er det noko som ikkje stemmer når ein nesten vil stengja grensa av velferdsgrunnar for rike nordmenn, medan fattig flyktningar må lida.

Kor og korleis vi skal hjelpa er ein anna sak, men dei som kjem hit, må uansett møtast med utgangspunkt i menneskeverdet og den nauda dei er i. Dessutan er det å overdriva når det vert snakka som om landet vårt vert overfløymd med flyktningar når det kjem nokre titals tusen, medan Libanon som har omtrent same innbyggartal som oss, og som er på storleik med Rogaland fylke, har motteke 1,5 millionar flyktningar!

 

Johannes Kleppa