Heilomvendinga på Menighetsfakultet

«Dette må vera eit vekkarrop til våre andre teologiske kristne høgskular. Den akademiske fridomen må ikkje brukast mot læregrunnlaget og formålet for institusjonen. Institusjonsstyret har ei svært viktig oppgåve i å tilsetja folk som både formelt og reelt er forplikta på det institusjonen står for og skal arbeida for.»

I løpet av 10 år har det føregått ei teologisk heilomvendig på Menighetsfakultet (MF) i homofilispørsmålet. Frå at MF som institusjon hadde eit klart standpunkt som sa at homofilt samliv er synd, og at ja til samkjønna «ekteskap» er kyrkjesplittande , er MF som institusjon no utan noko standpunkt i saka. Frå at MF-professorane stod samla på eit bibelsk standpunkt i saka, er det no MF-professorar som går fremst i kampen for «vigsel» av samkjønna par. Andre argumenterer for at ulike syn i saka ikkje er kyrkjesplittande, medan det er svært sjeldan å høyra MF-røyster som hevdar det «gamle» synet – bortsett frå pensjonerte professorar.

I eit festskrift til Asle Dingstad til hans 70-årsdag har Jon Kvalbein skrive ein svært grundig, klar og tankevekkande artikkel om utviklinga på MF i synet å på homofilt samliv, «Når læregrunnlaget mister betydning». Når ein les denne artikkelen, er det som ein må gi seg i augo for å overtyda seg om at ein er vaken, ikkje fordi artikkelen er sløvande – tvert imot, men fordi det ein les er så utruleg. Det har jo lenge vore ei negativ utvikling på MF knytt til bibelsynet, men det som har skjedd etter 2000-årsskiftet er så dramatisk at ein nesten ikkje kan tru det er mogleg.

Professor Jan-Olav Henriksen gjorde i januar 2001 klart at han hadde skifta syn i homofilispørsmålet, og no sa ja til homofilt samliv. Det var som eit bombenedslag, og to månader seinare vedtok Lærarrådet samrøystes at Henriksen sitt syn ikkje var i samsvar med MFs syn på homofilt samliv, og MFs vedtak frå 1988 og 1993 vart stadfeste. Dette fekk samrøystes tilslutnad i Styret og i Forstandarskapet. Ti år seinare viste ei undersøking at nesten halvparten av dei tilsette ved MF forsvarte homofilt samliv, og rektor Vidar L. Haanes gjorde klart at MF no ikkje har noko offisielt syn i dette spørsmålet.

At einskildpersonar raskt kan skifta standpunkt, er ei kjend sak, men at ein stor og akademisk og teologisk tung institusjon totalt kan endra standpunkt på 10 år, skulle ein tru var umogleg. Det var det likevel ikkje for MF. Det viser kva ideologisk kraft som ligg i denne saka, og det viser den mangelen som er ved MF i bibel- og læreforplikting.

Det heile skjer ut frå ei akkreditering av MF til vitskapleg høgskule og i lys av akademisk fridom. Dette må vera eit vekkarrop til våre andre teologiske kristne høgskular. Den akademiske fridomen må ikkje brukast mot læregrunnlaget og formålet for institusjonen. Institusjonsstyret har ei svært viktig oppgåve i å tilsetja folk som både formelt og reelt er forplikta på det institusjonen står for og skal arbeida for.

Johannes Kleppa