Gudsrelasjon og effektivitet

Vi lever i ei tid med stort effektivitetsjag. Det ber i seg stor vekt på aktivitetar – ei slags aktivitisme. Det skaper oppjaga haldningar med uro og stress, med alt som fylgjer i kjølevatnet av det. Når det er slik i tida, har det lett for å verta slik også i det kristne forsamling- og misjonsarbeidet. Arbeidet vert målt på aktiviteten, og kristenstanden vert avgjort ut frå om ein er aktiv.

No er det ingen grunn til å klaga på at folk er aktive, korkje i det verslege samfunnet eller i kristen samanheng. Det er nok av dei som sit med hendene i fanget og ikkje gjer noko som helst – bortsett frå å kritisera dei som gjer noko. Det skjer ikkje noko utan arbeid, altså utan aktivitet. Nei-menneske er ikkje idealet, tvert imot! Vi må vera takksame for alle ja-menneske, for alle som vil gjera ein innsats for folk og fedreland, forsamling og misjon.

Det ligg likevel ein fare i aktivitets- og effektivitetssamfunnet. Det kan lett verta overflatisk, slik at dei varige fruktene vert få og små. Den aktive og effektive kan lett verta så oppteken med gjerningane og oppgåvene, at han ikkje får tid til å samla indre styrke og åndskraft. I kristen samanheng inneber det at ein arbeider ut frå eigne krefter, og ikkje ut frå den krafta Gud gjev. Effektiviteten kjem i vegen for gudsrelasjonen. Til tider ville nok resultatet vorte betre, om aktiviteten var mindre og åndskrafta større. Det er på djupt vatn det bryt mest.

I vårt ferie- og fritidstidssamfunn er det i og for seg ikkje tida det står på. Spørsmålet er kva vi brukar henne til. Vi har aldri brukt mindre tid på arbeid og det å skaffa oss det vi treng for å leva, enn vi gjer no. Like fullt vert det lett eit jag, der det personlege og åndelege livet lid. Det er vanskeleg å finna ro til å dyrka gudsrelasjonen og gudslivet. Det er ein kamp, og den bør vi ta – og då vert truleg effekten i misjonsarbeidet større.

Johannes Kleppa