Vår kristne kalender

Då Gud skapte universet, skapte han også tida med dagar, veker og år. Anten ein trur dette eller ikkje, er det eit faktum. Ingen kan koma utanom den tidsrytmen som ligg i sola, og jorda sitt forhold til henne. Den som prøve å laga ei anna tidsordning, set seg opp mot skjølve skaparverket og skaparordningane, og er dømt til å tapa.

Ut over det som slik ligg i tida som skaparordning, kan vi ordna kalenderen etter som vi finn det mest tenleg. I tidlegare tider orienterte ein seg gjerne ut frå viktige hendingar, personar eller katastrofer for å få ei tidsline. Ved kristninga fekk vi i Vesten ei tidsrekning ut får Jesu fødsel. Guds Sons kome til jorda vart rekna som historia sitt midtpunkt, og ei rekna tilbake og framover frå dette. Tilsvarande startar jødane med Adam, og orienterer seg dermed ut frå skapinga, som islam gjer det ut frå Muhammed.

Vi har med det ei kristen tidsrekning, og i tillegg har vi orientert kalender ut frå dei sentrale hendingane ved Jesus fødsel. Startar vi med vegryddaren for Jesus, døyparen Johannes, er hans fødsel lagt til solkverv om sommaren. Ved at han var fødd seks månader før Jesus, vert då Jesu fødsel ved solvending om vinteren – og symbolsk går det då mot lysare tider. Ved at omskjeringa var på den åttande dagen, vert det første nyttårsdag – som med det også er Jesus namnedag. Det nye året startar med det i Jesu namn, i det namnet han fekk fordi han skulle frelsa folket frå syndene deira.

Det er ingen føreskrifter i Bibelen om helgedagar, bortsett frå den sjuande dagen, som ved Jesu oppstode gjekk over til den første dagen i veka. Vi har likevel kristna kalender ved å gjera dei sentrale hendingane i Jesus liv og den kristen trua til helge- og høgtidsdagar – Jesus fødsel, Jesu død og oppstode, Jesu himmelfart og Andens kome. I den katolske kyrkja feirar dei også ulike helgenar sin dagar. Det gjer ikkje dei reformatoriske kyrkjene, sjølv om vi også markerer ulike dagar i kyrkjeåret.

Her i landet har vi av reint geografiske grunnar «kristna» kalenderen litt ekstra ved «andredagane». For at prestane skulle nå alle kyrkjene med gudsteneste og forkynning av jule-, påske- og pinsebodskapen, innførte ein «andredagar» til desse høgtidene. Det er vi altså nokså åleine om på grunn av vår spreidde busetnad, men ut frå prioritering av forkynninga.

Ved inngangen av året knyter vi til vår kristne kalender, og seiar godt nytt år i Jesu namn – i Frelsaren sitt namn!

Johannes Kleppa

Legg igjen en kommentar