Julebodskap og islamfrykt

«Det har nett vorte gjennomført ei undersøking av nordmenn si oppfatning av islam, og nesten ein tredjedel av folket meiner islam har tilført samfunnet vårt noko positivt. I slike undersøkingar lurer eg på om folk maktar skjelna mellom islam som religion og muslimar som personar.»

Det er vel kanskje ikkje så mange linkar mellom julebodskap og islamfrykt, bort sett at begge delar er aktuelle for tida. Som kjent reknar islam Jesus som ein profet, men det vert oppfatta som blasfemi å tru på Jesus som Guds son – og med det har Jesus ikkje nokon funksjon som frelsar i islam. Jesus har ikkje kome frå himmelen, han har ikkje lide, døydd, stått oppatt og fare tilbake til himmelen i vår stad og for oss. Dette viser at islam og kristendom ikkje har noko med kvarandre å gjera, bortsett frå på det ytre planet som monisme og delvis felles historie frå GT.

Det har nett vorte gjennomført ei undersøking av nordmenn si oppfatning av islam, og nesten ein tredjedel av folket meiner islam har tilført samfunnet vårt noko positivt. I slike undersøkingar lurer eg på om folk maktar skjelna mellom islam som religion og muslimar som personar. Dei aller fleste muslimar kan det seiast mykje bra om, som om andre folk – anten dei er ateistar, hinduistar, agnostikarar, jødar, kristne eller kva dei måtte vera. Islam som religion, derimiot, har historia og samtida mot seg. Han har vore og er sverdet og underkastinga sin religion, og eg kan ikkje sjå at eigenarten i islam tilfører samfunnet vårt noko positivt som vi ikkje kan henta frå andre stader. På frelsens plan gjer han det definitivt ikkje.

Juleevangeliet viser at kristendommen ikkje er ein religion på line med religionar generelt, sjølv om det på nokre område kan vera likskapar. Kristendommen er eineståande ved at Gud i sin Son stig inn på jorda vår og vert eit menneske som oss – utan å slutta å vera Gud. Det finst mange religionar og trusoppfatningar, men det er ingen der Gud stig ned til mennesket som frelsar – som ein som går i mennesket sin stad ved at han går inn under synda vår, og sonar denne.

Av denne grunn kunne det ved Jesus fødsel lyda: «Frykt ikkje!!

Legg igjen en kommentar