Vekking og opplæring

«Difor har vi også heilt frå starten arbeidd for å få i gang eit bibel- og opplæringssenter i Spania. Vi trur behovet for dette er ekstra sterkt nett her.»

«Kirkehistorien kjenner ikke en eneste varig og solid fornyelse eller vekkelse, som ikke inneholder en omfattende bibelundervisning for folket. (…) Og det eneste som kan bringe vekkelse, er en åndsbåret bibelundervisning.» Slik skriv den finske teologen Leif Nummela i tilknytting til det som skjedde då jødefolket kom heim til Jerusalem etter eksilet i Babylon og fann lovboka. Denne vart opplesen og forklart for folket stykke for stykke, fortel Nehemja.

 

Det er sagt med tanke på kristendommen i Afrika, at denne er ei mil brei og ein tomme tynn. Det kan verka noko arrogant sagt frå vestleg hald, med tanke på avkristninga i Vesten og evangeliets framgang i Afrika. Det er likevel eit poeng i dette, ut frå at mange problem hadde vore unngått og mykje åndskraft vunna, om det ikkje hadde vore lagt så einsidig vekt på evangelistens vekkingsforkynning, men at denne hadde vorte utfordra og utfylt med solid bibelundervisning.

 

Det er viktig med det enkle kristne vitnemålet, og det er viktig med vekkingsforkynning og evangelistens teneste. Samstundes må ein hugsa at dei ulike nådegåvene og tenestene står i eit innbyrdes forhold der dei er avhengige av kvarandre om totalresultatet skal verta godt og varig.

 

I Sarepta har vi like frå dag ein tenkt i tråd med det Nummel påpeikar i lys av Bibelen og kyrkjehistoria. Difor har vi også heilt frå starten arbeidd for å få i gang eit bibel- og opplæringssenter i Spania. Vi trur behovet for dette er ekstra sterkt nett her. Spanjolar og andre spansktalande lever i land med ei katolsk kristedomsforståing og ein lang katolsk tradisjon. Då treng dei solid opplæring for å få tak i kva evangelisk kristendom er. Dersom ein når afrikanske muslimar i Spania, krevst også solid innføring i kva kristen tru er til forskjell frå islamsk. Det krevst altså bibelundervisning for at folk skal koma til kristen tru, og det krevst enda djupare opplæring med tanke på kristen teneste.

 

Ut frå dette har vi i Sarepta i lengre tid arbeid med å finna ei eigna tomt eller ein eigna bygning for eit bibel- og opplæringssenter. Dette er har vist seg vanskelegare enn nokre av oss hadde tekt på førehand. Det er tomter nok, men det gjeld å finna «den rette», og vi må ha nødvendig finansiering. No er vi i ein nokså intens fase nett med tanke på dette, og det vert spennande å sjå om vi lukkast – både med tanke på tomt og pengar!

 

I serien «Ettertanke» av Johannes Kleppa

Legg igjen en kommentar