Tankar etter ein gravferdstale

Torvald Stoltenberg var ein kjent og høgt respektert politikar og samfunnsaktør. Det prega sjølvsagt gravferda hans, og TV-reportasjane knytte til denne. Eg såg delar av det, og høyrde preika. Eg gjorde meg då nokre refleksjonar knytt til det å preika i ei gravferd.

Det som vert sagt i minneord og om den avdøde, er menneskeord. Minneord er viktig, og ein skal i eit slikt høve finna fram det beste ein kan seia, samstundes som ein held seg til sanninga. I gravferda til Stoltenberg vart det med rette bore fram mange og gode ord, til ettertanke og inspirasjon.

Det som vert sagt i preika i ei gravferd, skal vera Guds ord. Medan minneorda er ord om den avdøde, skal preika ha eit heilt anna fokus. Her skal ikkje den døde stå i sentrum, men blikket skal vendast mot Gud og frelsa ved Jesus Kristus. Guds ord skal lyda til dei som er i gravferda, til trøyst og oppmuntring, men også til å søkja Gud og hans frelse. Det primære som skal lyda, er evangeliet, det ordet som har dragande makt og som kan skapa tru til frelse.

Eg har ofte tenkt at noko av det vanskelegast ein prest gjer, er å forkynninga i gravferd, særleg når den døde ikkje har hatt ei personleg kristen vedkjenning og der familien og vennekrinsen heller ikkje har det. Det å forkynninga på ein omsorgsfull måte til trøyst i ein vanskeleg situasjon, samtidig som ein er tru mot evangeliet og frelsesspørsmålet, er ei stor utfordring. Samstundes er det eit privilegium å kunne forkynna om Guds omsorg og Jesu frelsesverk i ein slik vond situasjon – det einaste som gjev sikker trøyst og von i møte med døden og æva.

I dette høve var preika i realiteten human-etisk refleksjon, sjølv om Bibelens ord vart flittig brukt. Det er ikkje vanskeleg å finna bibelord som kan brukast på reint allmennmenneskeleg måte, og som på det nivået kan seia mykje sant og godt, men der evangeliet ikkje vert forkynt. Då vert ikkje preika noko meir enn minneorda, ord til ettertanke og inspirasjon – men ikkje evangelium til frelse. Det er berre Ordet om krossen som er Guds kraft til frelse – og som mennesket treng i møte med døden og æva.

Johannes Kleppa