Sarepta – nådens krukke

Vi er inne i avslutninga på Bibelsommer i Spania på Centro Sarepta. Rett nok kjem det tre veker med Bibelsensommer i september – så dei som vil kombinera Guds ord med varme i Spania, har enda sjansen.

Den siste veka har Wenche og Jørn Slimestad vore med som vertskap, og dei har sunge og talt. Ein kveld talt Jørn om då Gud sendte profeten Elias til bekken Krit, og brukte ramnar til å gje han mat. Derifrå sendte Gud Elias til enkja i Sarepta, med det resultatet at mjølkrukka hennar ikkje vart tom, og oljekruset aldri vanta olje. Det er herifrå vi har uttrykk «Sareptas krukke», som nettopp spelar på at ho aldri vart tom. Det er herifrå også Misjon Sarepta og Centro Sarepta har namnet sitt.

I denne samanhengen omtalte Jørn krukka i Sarepta som «nådens krukke», nettopp fordi ho gav mat og aldri vart tom. Guds ord seier nett det, at nåden aldri tek slutt og at han er ny kvar morgon (Klages. 3.21-24). Det er viktig å ha dette perspektivet på nåden, og det er viktig å vita at det finnest ei krukke, ein stad, der ein stadig kan finna og ausa av nåden til nytt liv og til ny livskraft. Det er å leva av ordet om krossen, å leva i ordet som syndstilgjeving for Jesu skuld. Det er å leva at den sanning at Jesus har gått inn under Guds dom og vreide i vår stad, og gjort opp for all vår synd – og at det er ved det vi har liv og von om evig herlegdom. Dette finn vi i Bibelen, Guds ord.

For Misjon Sarpeta er det også viktig å leva opp til namnet, at det finnest ei nådens krukke. Det er denne krukka vi må ausa av i misjonsarbeidet, både i Noreg og i Spania, om arbeidet skal lukkast og bera frukt for æva. Det er ei krevjande sak å prioritera nådekrukka. Vi vil så lett setja så mykje anna i fokus, at krukka i Sarepta ikkje vert brukt. Det er dødens veg no som då.

Om Bibelsommer er over for i år, er det mykje anna som skal skje ut over ettersommaren og hausten på Centro Sarepta. Først er det ungdomsleirar og bibelkurs for spansktalande. Så er det Bibelsensommer og Bibelkurs ut over heile hausten, våren og vinteren – med innlagde spesialarrangement som Fjelltur-leir og Sykkelleir. Det er berre å finna fram til det som passar, og koma og setja segt ned ved nådens krukke – det er den vi vil ausa av utover året.

Johannes Kleppa