Utdanning som avkristnar

Det som skjer i utdanningssystemet, frå barnehage til universitet, er avgjerande for land og folk. Det pregar eins tankegang og formar med det livssyn og samfunn. Det er også med og legg premissar for misjonsarbeidet, ved at det formar den kulturen vi skal forkynna inn i. Dette trur eg ikkje kristenfolket har vore nok oppmerksame på, og vi har ikkje ein god nok strategi i høve til den avkristninga som skjer gjennom eit langt utdanningsløp.

Eg skreiv litt om dette for eit par veker sidan med tanke på kristne ungdomar og deira utdanning, men det er grunn til å sjå saka i ei vidare perspektiv. Det er truleg ikkje noko som har avkristna samfunnet og i dag nærast gjer folk immune mot kristen tenking, etikk og forkynning, som det som skjer i utdanningssystemet. Det skaper eit livssyn og eit verdisyn som utelukkar ein åndeleg – og spesielt ein kristen – dimensjon. Tenkinga er frikopla Gud og Guds ord. På dette feltet har ikkje-kristne og antikristelege ideologar vore svært medvitne og strategiske.

Den situasjonen vi no er i, har ei lang utviklingshistorie, men det går spesielt tilbake til bylgja av moderne ideologi og tenking som braut inn over landet vårt i 1870-åra. Det stoppa litt opp under siste verdskrigen, men særleg frå 1960-talet slo det på nytt gjennom med stor kraft og på brei front.

Tidleg på 1900-talet reiste kristenfolket med Ole Hallesby i spissen ein motoffensiv til utviklinga ved at ein ville start kristne skular på vidaregåande nivå og høgskular, i tillegg til folkehøgskulane ein alt hadde. Det vart starta nokre slik skular, men alt for få. Dei siste tiåra har det på nytt vore ei kristen friskulerørsle, og det er noko av det viktigaste som har skjedd på kristenfronten inn i det nye tusenåret. Dei kristne skulane på alle nivå er ei motbylgje til den avkristninga som generelt skjer i utdanningssystemet.

Samstundes som ein satsar på kristne friskular, må ein leggja stor vekt på forkynning og undervisning i Guds ord og kristen tru i bedehusarbeidet. Slik undervisning kan hjelpa dei kristne ungdomane i deira utdanning, så dei ikkje vert fanga av den sekulariseringa som dei vert ut sette for. Misjon Sarepta gjev vi eit lite, men godt bidrag til dette gjennom den bibelundervisninga som skjer ved Centro Sarepta i Spania – og som ein kan delta i samstundes som ein driv nettbaserte studier eller ein kombinerer det med eit kortare eller lenger Spania-opphald til rekreasjon og oppleving.

Johannes Kleppa