Positiv helg på Holmavatn

Det har vore ei positiv og oppløftande bibelhelg på Holmavatn. Dan Hessellund frå Danmark var hovudtalar, og han hadde ei god, sentral og grundig forkynning som folket sett stor pris på. Det var ei utlegging av og innføring i evangeliet på ein frigjerande måte både med tanke på frelsa, livet og tenesta. Det var kombinert med konkret undervisning ut frå lova og formaningane.

IMG_0137 – Kopi

Jan-Tore Olsen, Hans Bergane og Johannes Kleppa talte også. Helge, Elisabeth og Torstein Lindhjem deltok heile helga med god og oppbyggeleg sang. På møta var det på det meste full sal med 150 menneske. Nesten alle romma på Holmavatn var i bruk, og i tillegg kom ein god del på møta frå ulike delar av Jæren. Det var folk i alle aldrar.

IMG_0145 (2)

Misjon Sarepta har Landsmøtet kvart tredje år, og det var i år del av bibelhelga. Her vart årsmeldingane og rekneskapa for dei tre siste åra godkjende, og reviderte vedtekter vart vedtekne. Oddvar Egeland vart attvald til styret og Rolf Lavik til andre varamann. Det vart også orientert om arbeidet både i Noreg og i Spania, og i samtalen var det tilslutning til det som er gjort og planane framover. Om kort tid kjem det ut eit nytt informasjonsblad, Sareptanytt.

Denne bibelhelga og landsmøtet betyr mykje for arbeidet i Misjon Sarepta generelt og særleg for arbeidet ved Centro Sarepta i Spania, både åndeleg og økonomisk. I tillegg til kollektar på til saman 40-50.000 fekk Centro Sarepta eit nytt rente- og avgiftsfritt lån på kr. 250.000, og eit lån vart omgjort til gåve. Det er til stor glede og oppmuntring i arbeidet. Med gåver fylgjer også forbøn.

Johannes Kleppa