Bibelhelg og Landsmøte – frelsa frå jødane

Eg skriv denne Ettertanke frå Holmavatn på Jæren. Der har Sarepta Bibelhelg og Landsmøte denne weekenden. Bibelhelg og Landsmøte er ein fin kombinasjon, fordi forkynning av Guds ord og misjon heng nøye saman. Det er forkynninga som skaper misjon, og det Ordets forkynning som er misjonens hovudsak og verkmiddel. Ordet er sjølve nådemidlet. Det er det misjon lever av og for.

IMG_3527

Temaet for første kvelden var «Frelsa kjem frå jødane». Det er eit godt startpunkt for både bibelundervisning og misjon. Dessutan kan det vera ei nyttig påminning i vår tid med mykje jødehat og israelkritikk. I det Israel som jødisk nasjonalheim feirar 70-årsjubileum, kan det vera nyttig å minna om kva vi har Israel som folk og nasjon å takka for.

Det er gjennom frelseshistoria knytt til det jødiske folket og Israel i den gamle pakta vi kjenner Gud og hans frelsesplan, og Guds frelsa kom til oss og vart openberra i Jesus Kristus – han som var jøde og som var den venta Messias. Til den samaritanske kvinna seiar Jesus at dei ikkje veit kven dei tilbed, i motsetnad til jødane,og han grunngjev det med at «for frelsa kjem frå jødane». Det er altså gjennom den frelsa som er openberra gjennom frelseshistoria i Israel, og som kom endeleg og i sin fylde i Jesus Kristus, vi kjenner den sanne Gud og den sanne frelsa. Det at frelsa kjem frå jødane, er ikkje berre eit historisk faktum, men det er ei openberringssanning.

Skal vi kunna driva misjon på rett vis, må vi kjenna den frelsa som kjem frå jødane. Berre då vert det sann misjon, for berre der kan vi forstå kva Jesu frelse inneber. Frelsa får sitt innhald eller sin substans gjennom frelsesopenberringa til jødane, og ut frå det frelsesopenberringa for heidningar. Alt er knytt til Jesu person og Jesu verk, han som var fødd jøde av jødiske foreldre og vaks opp som jøde i jødisk miljø, sjølv om Israel var okkupert av Romerriket.

Det er ingen ting djevelen hatar meir og kjempar meir imot enn den frelsa som kjem frå jødane. Difor prøvde han å ta knekken på Jesus straks han var fødd. Når det ikkje lukkast, forfylgde han det folket – jødane – som Jesus vart fødd ut frå. Det hadde han også gjort før, for å avbryta frelseshistoria og med det stoppa frelsesopenberringa. I tillegg forfylgjer djevelen alle som har Jesu ånd og vitnemål, for å få dei bort frå Kristus. Jødehat og kristendomsforfylging er difor djupast sett kristushat og demonisk.

Frelsa kjem dessutan frå jødane ved at evangeliet gjekk til heidningane ved at jødane forkast Kristus. Frelsa vil til sist også på ekstraordinært vis koma til heidningane når Israel kjem til omvending, og Gud vert openberra i ånd og kraft ut frå Jerusalem.

Johannes Kleppa

 

Hovedbilde: Fra fronten i møtelokalet på Holmavatn