FORVENTNING I ARBEIDET

Min svigerfar, Karsten Talsethagen, døde i november 1993…. bare 58 år gammel. Han var forkynner i Romsdal Indremisjon frem til han ble tatt til sides på grunn av sykdom. På møtet som  vi var på på Vågstranda sist lørdag kom ei dame med et utklipp fra «»Indremisjonsnytt». Stykket hadde min svigerfar skrevet i 1988 og det kan du lese i sin helhet under her:

FORVENTNING I ARBEIDET

Forventning har alltid prega Guds folk, og i arbeidet for evangeliet er den ein umissande berebjelke. Kjem den bort, døyr snart åndlivet i oss, og omkring oss. Indremisjonen er ei vekkingsrørsle, som planlegg alt sitt arbeid i forventning til vekking. Dette gjeld barne og ungdomsarbeidet, så vel som all anna møteverksemd.

Målet er, ved Guds nåde å få vere med og føre den enkelte fram til eit bevisst frigjort liv i Gud.
Eig vi forventning til dette i vårt arbeid i dag?

Strukturen i samfunnslivet har endra seg fort på alle område, og dette merkast også i det kristne arbeidet.
Vi veit kvar med oss at mykje av det vi har opplevd dei siste åra, har vore med og sløkt den rette forventning i arbeidet vårt.

To grøfter ligg då for foten. Den eine er å endre målsettinga for arbeidet. Då vert ein nøgd med at du er med på leir eller i lag og forening. Og får vi ha det godt og fredeleg, gå på eit og anna møte når det høver oss, så er alt i orden. Den andre er at motløyse får setja oss djupt i stolen heime, der vi samtalar med motløysa om alt det gode som var før, og kritiserer alt og alle ting som er i dag.
Det er trist for ein kristen å vere i samfunnet og samtale med motløysa. Frå begge desse grøfter kjem spørsmålet: Kan ein forvente noko av indremisjonsarbeidet slik det ser ut i dag?

Til deg som spør vil eg svare: Trua si forventning er alltid retta mot Gud, det Han har gjort og det Han gjer.
Sjå berre på offiseren som kom til Jesus. Matt. 8. I si nød hadde han mist all forventning til vennene sine, tenaren og seg sjølv, men trua ropa til Jesus, «Sei berre eit ord». Vår forventning i arbeidet må alltid vere knytta til Gud og forkynninga av Kristi ord.

Trua si forventning har to dører, den eine er vendt mot Gud i bøn, den andre mot dei du ber for. Begge desse dører vil Gud skal vere opne i truslivet vårt, og i arbeidet vårt i Guds rike. Ein sa det slik: Det var verre for Peter å kome inn at til venene sine enn å kome ut av fengslet.
Der var bønedøra open, venene var samla i bøn for Peter, men døra mot Peter var stengd.

Korleis er det i vårt trusliv, i vårt bedehus, i vårt arbeid?
Kan hende der ikkje er bøn eingong.

Kva treng du som les dette? Du treng ord ifrå Jesus som fornyar di tru, I alle Guds løfter Han vil du skal bu. Då skapest forventning, du kjempar og ber, men også mot døra du lyttar og ser. Trass tvil og anfekting som ofte er hart, spørsmålet lever: Kjem dei ikkje snart? Lukke til i arbeidet med forventning til trua sin opphavsmann og fullendar: JESUS KRISTUS.

Karsten Talsethagen
I Indremisjonsnytt 1988