Er vekkingane si tid forbi?

Avisa Dagen har i det siste kjørt nokre reportasjar om vekking, både om historiske vekkingar her i landet, om vi har vekking no, kva som kjenneteiknar vekking og kva som skal til for at vi skal få nye vekkingstider. Dette er omfattande spørsmål, og det er ikkje ein bestemt fasit for alle spørsmåla.

Gjennom praktisk talt heile kyrkjehistoria har det vore vekkingar, men i ulike geografiske område, og på noko ulike måtar. Når vi spør om vekkingane si tid er forbi, er svaret definitivt nei. Samstundes kan ikkje vekkingar kopierast, sjølv om det er nokre kjenneteikn som går att i vekkingshistoria.

I landet vårt har vi ei tusenårig kristen historie, men det har ikkje alltid vore vekkingar. Dei store vekkingsbylgjene starta med Hans Nielsen Hauge, men dei var særleg sterke frå midten av 1800-talet og omtrent hundre år framover. Då kan vi tala om landsvekkingar, sjølv om det var delar av landet der vekkingselden ikkje tok tak. Dei siste to generasjonane har det berre vore sporadiske vekkingar knytte til bestemte område og spesielle vekkingsforkynnarar.

Den norske vekkingshistoria er del av den nordiske (bortsett frå Island) og den den europeiske vekkingshistoria. No er det mørkt på vekkingshimmelen i praktisk talt heile Europa, og sekulariseringa tek overhand. Derimot er det omfattande vekkingar i andre delar var verda, særleg i Afrika og Asia, men også i Sør-Amerika. Vekkingane er kanskje større enn dei nokon gong har vore, men dei går oss forbi, diverre – derimot er dei delvis resultat av norsk misjonsarbeid.

Dei vekkingane som vi kjenner her i landet, hadde i stor grad kristendomskunnskapen frå skulen og konfirmasjonsundervisninga som føresetnad. Dette var «den åndelege veden» som vekkingsgneisten sette fyr i. Den førsetnaden er ikkje lenger til stades, men det skjer altså vekking i verdsdelar der heidenskapet råder og der kristen kunnskap er fråverande, og då må det også kunne skje i vår del av verda!

Det kan ikkje vera tvil om at forkynninga er viktig med tanke på vekking, og då forkynning som går på sjølve frelsa. Pensjonert MF-professor Torleiv Austad påpeikar i Dagen heilt rett at «de fleste vekkelsene i Norge har sitt utspring i forkynnelse av synd og nåde». På den bakgrunn er det tragisk at biskop Halvor Nordhaug hevdar at «kirken i første omgang ikke må forkynne om synd, men forkynne et budskap som er relevant for folk i dag». Med tanke på folks frelse og vekking er det til ei kvar tid forkynning av synd og nåde som er relevant for folk.

Johannes Kleppa

 

 

Bilde Fotolia