Bioteknologilov og statens definisjonsmakt

Stortinget har nettopp revidert bioteknologilov. Kvar gong Stortinget har eit spørsmål av denne typen på dagsordenen, skjer det ei liberalisering. «Tap på alle fronter», var Dagens tittel, sett ut frå deira side som ville vera restriktive på området. I artikkelen heiter det at det var «fullt frislepp på bioteknologi-fronten». Opplistinga av dei mange og viktige spørsmåla som vart behandla, og kva konklusjonar lovgjevarane kom til, viser at det er rett.

Denne saka er ei svært viktig sak, og ein prøve- skiljestein på mange måtar. Det gjeld ikkje minst kva funksjon og mandat staten har. I boka «Den liberale familien» viser Øyvind Håbrekke dette på ein tydeleg måte. Staten tiltek seg ei definisjonsmakt som går langt ut over biologien og naturretten, og innfører ordningar i strid med naturen. Dette er øydeleggjande for samfunnet, og det vil over tid føra dei som er forplikta på ei anna oppfatning enn staten, inn under samvitspress, og då er ikkje vegen lang til den totalitære staten. Dette ser vi klare tendensar til i dagens norske stat, uavhengig av kven som sit med regjeringsmakta – diverre. Det gjeld særleg innan helsesektoren, skulesektoren og i velferdsstaten generelt.

Det starta med at staten definert livsrett og menneskeverd til eit seinare tidspunkt enn unnfanginga i mors liv, som er det biologiske og naturgitt utgangspunktet og tidspunktet. Abortlova er med det som fosterdrapslov imot naturen. Det heldt fram med at staten definert ekteskapet til å vera noko anna enn mellom ei kvinne og ein mann, og definerte ekteskapet som «kjønnslikegyldig», med alt som ligg i det og med den ideologiske dynamikken som er innebygd i den nye tenkinga. Den kjønnslikegyldige ekteskapslova er imot biologien og naturen.

Det som ligg i den kjønnslikegyldige ekteskapslova med tanke på barn, er no ført vidare i justeringa av bioteknologilova. Her er mange vanskeleg ord og tankegangar ute og går, så det kan vera krevjande å halda seg orientert og forstå kva som skjer. I ein sum kan vi seia at staten tek seg rett til å definera familien, morskapet og farskapet – og med det også definera kven barn er i slekt med og ikkje er i slekt med. Dette skjer totalt uavhengig av det biologiske og styrt av intensjonar og omsorgstenking. Stortinget tiltek seg ei definisjonsmakt som staten ikkje har eller skal ha. Det vil berre føra tvange og ulukke med seg, trass i at ein hevdar det motsett. Det er umogleg å handla mot biologien og naturen utan at det før eller seinare fungerer som ein bommerang som rammar ein sjølv.

Johannes Kleppa